Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Ein god journalist må lære fagområdet ho skal dekke, kunne fagterminologien, kjenne problemstillingane. Det lærer ein ikkje på Journalisthøgskulen, meiner politisk redaktør i Bergens Tidende Trine Eilertsen (33). Ho har hovudfag i samanliknande politikk.
- For meg var det viktigare å lære om faget eg skulle skrive om, seier Eilertsen. Ho meiner det er grenser for kva ein kan lære av ei journalistutdanning.
- Eg trur det er viktigare å jobbe og syne interesse for journalistikken. Hadde eg vore 19 år i dag, ville eg ha teke ulike samfunnsfag, og gjerne eit år med økonomifag. Økonomi er sinnssjukt nyttig. Juss også. Pressa skal dekke ny kriminalitet og forbrukarrettar, og guide folk i eit komplekst lovverk. Skal vi bli tekne seriøst, så må vi berre lære oss ein del om fagområdet vi skal dekke.
Sjølv er ho siviløkonom frå NHH, og har hovudfag i samanliknande politikk frå Universitetet i Bergen. Ho kom til Bergens Tidende som økonomijournalist, og jobba i tre år før ho vart politisk redaktør. Og enno er ho ikkje meir enn 33.
- Interessefeltet mitt var politisk økonomi. Hovudfaget er det kjekkaste eg har gjort, då fall liksom alt på plass.
Likevel vil ho ikkje tilrå nokon å kopiere utdanningsløpet hennar. Det kan bli litt for mykje av det gode.
- Men ei universitetsutdanning lærer deg ein analytisk måte å tenkje på. Du lærer å bli kritisk. Og du blir sinnssjukt flink til å sette deg inn i ting raskt, til å skumme masse sider og trekke ut essensen. Det er du jo nøydd til, når du har fire tusen sider pensum på grunnfaget og oppdagar at du ikkje har sjanse til å lese alt. Dessutan får du eit nettverk som er uvurderleg. Folk eg studerte med, sit no i posisjonar rundt omkring, i bedrifter og i departementa. Det sparar mykje tid, forklarer ho.
Då Trine Eilertsen vart henta inn som økonomijournalist, fekk ho ein fadder i Bergens Tidende som lærte henne mykje om det journalistiske handverket. Det kan ikkje alle rekne med å få.
- Noko dei kunne hatt på universitetet, er eit kurs i journalistisk metode og etikk, litt om kva rolle pressa har og kor langt ein kan gå. Det kunne vere nyttig både for dei som lurer på å bli journalistar, og for dei som skal bli forskarar og publisere forskinga si i media, meiner ho.
Sjølv kunne ho valt ei internasjonal karriere i Statoil, eller ein plass som aspirant i utanrikstenesta istadenfor journalistkarriera. Det var lysta til å skrive som avgjorde.
- Å skrive er det kjekkaste med heile jobben. No er det vanskeleg å få fast jobb som journalist, men er ein flink og målretta, kan ein klare det. Meld deg til vikarlister, ta kveldsvakter. Dess meir du arbeider, dess flinkare blir du.