God påske!

Publisert

På Høyden ønsker alle lesere en god påske. Vi er tilbake med nyheter fra 13. april. Nyt våren!

Upp av krakken!
Sumarsoli skin i grøne bakken;
jordi heve fenget helgar-plagget på,
skogen stend i lauv so lysteleg å sjå.
Livet letnar,
vollen turkar seg og vegen slettnar.

Inn um glaset
fær eg angen av det grøne graset.
Visst er vinden rik på liv og lækjesaft;
ut eg vil og sanka helsebot og kraft;
alt for lenge
sat eg inne som ein fugl i stenge.

Kvar ein lyder,
liv og ljod på viddom fram seg byder.
Lat oss ganga seint og sjå oss vel i kring;
Vegen er so full av fagnadsame ting.
Lange stunder
treng eg til å sjå på desse funder.

(“Vårdagen” av Ivar Aasen)

Powered by Labrador CMS