Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Hundre år i Bergen og ti år som del av universitetet. Griegakademiet har bursdag og spelar på fleire strengar enn nokon gong før.
– Min venn, tru ikkje at min kjærleik til deg er borte! Griegakademiet er kjent for det høge nivået på songstudentane, med namn som Linda Øvrebø, Turi Olin Grimstad og Ketil Hugaas på lista over tidlegare studentar. Kvart år får tre til fire nye songstudentar plass av dei 40 som søkjer. Den klassiske musikklitteraturen vert øvd inn og tolka om att og om att. – Studentane har fått meir fleksible studieprogram og høve til å kombinere teori og utøving gjennom tilbodet ved universitetet. Dei tilsette har fått meir rom til forsking og kunstnarisk utviklingsarbeid. Før hadde vi ikkje ordningar med forskingsterminar, seier instituttstyrar ved Griegakademiet, Frode Thorsen. Det er ikkje få øvingstimar som blir lagt ned ein vanleg dag ved Griegakademiet. Medan orkesterklassa slit med Sibelius, førebur jazzstudentane konsert og lyttar til amerikansk samtidssoul, og ein annan øver barokkstykker for cello. I eit av øvingsromma kling monotone tonar, pianostemmar Richard Brekne held eit øvingspiano i stand. Det var ein tidleg haustdag i 1905 at fiolinist og konsertmester i Harmoniens orkester, Torgrim Castberg, opna dørene for dei første elevane ved det som då heitte Musikkakademiet. Castberg hadde studert i Paris og Berlin. I Berlin hadde også Edvard Grieg vore, som var ein viktig støttespelar og rådgivar. Seinare vart Musikkakademiet til Bergen musikkonservatorium og vart statleg godkjent musikkutdanningsinstitusjon. – Det har ikkje berre vore uproblematisk og gå inn i universitetet. Vi må heile tida kjempe for å synleggjere vår eigenart, fortel Thorsen. I Gunnar Sævigs sal er det stadig sterke kjensler i sving.
Melankolien ligg tungt over forsamlinga i Gunnar Sævigs sal. Sangpedagog og gjestelærar frå Örebro i Sverige, Berit Nordberg, ser strengt opp frå partituret. Å tolke Tchaikovsky på ein truverdig måte er ingen spøk.
– Övertyga dom! kommanderer Nordberg.
Thea Alvim Næss trekkjer pusten og syng igjen ut om kjærleik og lengt. Denne gongen blir ho trudd.
– Ja, jättebra!
Høgt nivå
Men Griegakademiet i 2005 er mykje meir. Sidan 1995 har musikkvitskap og mastergradsstudier blitt etablert. Eit utøvande folkemusikkstudium har blitt oppretta i samarbeid med Ole Bull Akademiet på Voss. Studentane kan spesialisere seg på emner som eksperimentell samtidsmusikk, barokk, jazz og etnomusikologi.
Etnomusikologien ser på musikken i globalt perspektiv og studerer ulike musikkulturar. Faget er eit samarbeid med Institutt for kunsthistorie og kulturvitskap og Institutt for informasjons- og medievitskap. På denne måten er faget eit resultat av at musikkonservatoriet kom inn under paraplyen til Universitetet i Bergen og tok namnet Griegakademiet i 1995.
– Ein kulturinstitusjon
No er det ikkje akkurat forsking i den vanlege tydinga av ordet som går føre seg, utanom den delen som handlar om musikkvitskap. Griegakademiet produserer plater, konsertar, forestillingar.
– I tillegg til å vere ein utdanningsinstitusjon er Griegakademiet ein kulturinstitusjon. Jamt over har vi éin offentleg konsert i veka. Utover denne jubileumsvåren blir det to til tre i veka, seier Thorsen.
I dag har Griegakademiet 110 studentar på grunnutdanninga og 30 masterstudentar. Det er 30 fast tilsette og om lag 30 vert hyra inn på timebasis. Mange av dei er musikarar i Bergen filharmoniske orkester.
Internasjonalt
Ved eit garderobeskap i ein av korridorane står Nozomi Mori klar for ei ny økt og hentar fram eit hefte påtrykt ”Chopin” med store bokstavar. Nozomi er frå Japan, har studieopphald ved Griegakademiet og har blitt tatt ut til å vere solist med Harmonien under De unges konsert. Det blir hviska om at ho er det største klavertalentetet på huset sidan Leif Ove Andsnes hadde sitt garderobeskap her.
Mange av dei norske studentane ved Griegakademiet tek også eit semester eller to i utlandet.
– Vi er veldig internasjonale, og det har vi vore lenge. Mange av dei tilsette er utøvarar med internasjonal konsertverksemd, seier Thorsen, som sjølv er ein høgt akta blokkfløytist med ei rad internasjonale konsertar og plateinnspelingar bak seg.
Sævigs draum
I 1952 tok Gunnar Sævig over som eigar og direktør, og mange av elevane hans vart profesjonelle musikarar. Det var i Sævigs tid at namnet Griegakademiet vart påtenkt. Men Sævig døydde berre 44 år gammal og fekk aldri sjå dette bli realisert.
I 1980 tok staten over konservatoriet, som då gjekk inn i det regionale høgskulesystemet. Etter mange år i vanskelege lokaler, flytta studentar og lærarar inn i Nygård skole ved Grieghallen, der dei framleis held hus – som ein del av UiB sidan 1995.
Vil bli i Nygård skole
Det er nemleg mange ganske andre behov på Griegakademiet enn elles på universitetet.
– Vi treng til dømes spesialbygde lokaler, kirkeorgel, studio og ein spesialisert administrasjon knytta til dette og til å gjennomføre 200 opptaksprøver kvart år.
Det største framtidsønskjet til Frode Thorsen er å bli verande i Nygård skole. Musikkgeografisk er plasseringa ideell, men det skortar på plassen etter den store studentveksten på 1990-talet.
– Leigekontrakta vi har no går ut ved utgangen av 2006. Då håpar eg vi kan overta heile Nygård skole.
Griegs song
– Låt tanken bak verket styra. Jag har nogot att berätta!
Fleire av studentane syng Haugtussa for pedagog Nordberg, Edvard Griegs songar komponert etter Arne Garborgs diktverk.
Og Grieg hadde truleg vore stolt om han kunne høyre den levande songen frå akademiet i hans namn, 98 år etter sin død og 100 år etter at han var med på å starte det heile.