Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Resultatet frå den første delen av førstesemesterstudiet viser at dei nye studentane ved HF har fått ein god start. 495 studentar har gjennomført innføringsemnet «Akademisk skriving». Det er ein auke på over 20 prosent i høve til i fjor.
Universitetet i Bergen er det einaste universitetet i Noreg som tilbyr «Akademisk skriving», eit innføringsemne kor studentane skal lære seg metoder for effektiv analyse av argument, retorikk og sjanger. Studiet er på 10 studiepoeng, og er eitt av tre emne i førstesemesterstudiet.
Det nye førstesemesterstudiet ved HF starta hausten 2000 - før Kvalitetsreforma vart innført. Studiet er i hovudsak i samsvar med intensjonane i reforma, med undervisning i grupper, innlevering av oppgåver og tilbakemelding undervegs. Gjennomføringa er mykje betre enn etter det gamle opplegget, og det har også vore ei positiv utvikling sidan oppstarten i 2000.
– I år fekk vi mange fleire studentar enn vi hadde førebudd oss på, og dermed vart ikkje tilbodet like gunstig for alle. 524 studentar vart delt inn i 21 grupper, men av desse var det fem grupper som fekk lite vanlig undervisning og som måtte nytte KARK-systemet på nettet. Resultatet frå eksamen syner stor forskjell i strykprosenten mellom dei ordinære gruppene og KARK-gruppene. Medan 2,4 prosent strauk av dei som fekk vanlig undervisning, var strykprosenten på 9 prosent i KARK-gruppene, fortel fagleg koordinator Kolbjørn Slethei, som etterlyser administrative rutinar som kan vise kor mange studentar som skal følgje kurset.
Akademisk skriving er i stor grad basert på erfaringar frå amerikanske universitet, kor dei lenge har hatt opplæring i tekstanalyse og skriving av fagtekstar.
– Atten lærarar stilte opp ved dette HF-faget i haust, og dei er henta frå svært ulike miljø som til dømes arkeologi, filosofi og religionsvitskap. At vi har eit tverrfagleg forum er viktig fordi vi skal lære studentane å gripe fatt i mange slag argumentative tekstar, seier Slethei.