Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
I dag lanserer medieseksjonen ved Formidlingsavdelinga sine nye sider med medieråd til forskarar.
– Vi vonar desse sidene kan hjelpe forskarane våre til å få eit aktivt tilhøve til formidling, seier prosjektleiar Monika Sandnesmo.
Dei nye nettsidene gjev konkrete tips og råd til forskarar som får førespurnader frå journalistar, eller som gjerne vil formidle eit forskingsprosjekt i allmenne media. Her får du grunnleggjande råd om korleis du bør vende deg til media for å nå igjennom med saka di, om korleis journalistar arbeider og kva du kan forvente i møte med media. Sidene vil bli utbygde etter kvart, og jamnleg oppdaterte. Forskarar og journalistar lever ofte i kvar si verd, og har svært ulike arbeidsmåtar. Forskarar jobbar i djupna med lange tidshorisontar, medan media er opptekne av aktualitet, spissformuleringar og nyhendeverdi. Likevel stemmer ikkje alltid det som mange trur: At media berre interesserer seg for klare og banebrytande forskingsresultat. Ho meinar at ein som forskar heller ikkje treng å vere redd for å svare på spørsmål frå media, sjølv om ein kanskje ikkje har den mest omfattande ekspertisen på emnet.
– Vi har registrert eit stort behov for enkle råd som forskarane sjølve lett kan finne fram på nett. Dette er ei slags førstehjelp i mediekontakt, seier Monika Sandnesmo.
– Mange forskarar er flinke til å formidle og kan alt dette frå før, men nokre er kanskje litt usikre og kjenner at dei treng litt hjelp i starten. Då kan desse nettsidene vere ein plass å byrje. Om forskarar som vil ha hjelp til å formidle, førebur seg ved å sjå på desse sidene før dei tek kontakt med oss, er mykje av jobben allereie gjort.
Forsking er meir enn resultat
– Formidling av forskingsresultat er berre éi type formidling. Ein må hugse at forsking som prosess kan skape gode saker, og det same kan førebelse funn undervegs i prosjektet. Ofte er det ei god nok sak i seg sjølv at ein held på med noko ein har forventingar til, noko som kan gje resultat, presiserer Sandnesmo.
– Ikkje ver redd for å svare
– Ofte dreier det seg berre om å uttrykkje ei kvalifisert meining om eit spørsmål. Forskarar tenkjer ofte at dei bør vise til ein kollega som veit betre, men ein skal ikkje vere redd for å svare på ting ein generelt kan uttale seg om, meiner ho.
Formidling av forsking kan gje store gevinstar både til forskaren personleg og til fagmiljøet. Mange opplever at ein runde med media kan vere ei personleg drivkraft i forskinga, ved at ein får hjelp til å oppsummere problemstillingane. Noregs forskningsråd stiller også sterkare krav til formidling enn før.
– Det er opp til den einskilde kor mykje ho eller han vil involvere seg i å formidle. Vi som er mediekontaktar, er her som rådgjevarar, men vi kan ikkje gjere formidlingsjobben for alle forskarane ved UiB. Vi ønskjer å hjelpe dei på veg, og kan til dømes hjelpe med å finne potensialet i ei sak, om dette er noko for media, og kven ein kan kontakte. Når forskarar får førespurnader dei er usikre på om dei vil følgje opp, er dei også velkomne til å søkje råd hos oss, seier Sandnesmo, som oppmodar forskarar om å ta kontakt dersom dei saknar noko eller har kommentarar til sidene.