Gode røynsler med mentorprosjektet

Publisert

- Mentorprosjektet kan kanskje ikkje endre så mykje i seg sjølv, men det kan vere med å bevisstgjere både unge kvinnelege forskarar og mentorane deira, sa kjønnsforskar Elisabeth Rogg då mentorprosjektet hadde si andre fellessamling på Neptun Hotell mandag 16.februar.

Rogg hevda at historiene til adeptene kan auke systemforståinga hjå dei etablerte professorane.

- Mentorprosjektet sitt viktigaste bidrag er kanskje den gjensidige læringa. Mentorane er sentralt plasserte professorar med innverknad, og når det er så få stillingar å søke på som det er no, er det svært viktig at det er nokon som er medvitne om kjønn, sa Elisabeth Rogg. Rogg er tilsett ved Universitetet i Oslo og laga i 2003 ein rapport for maktutgreienga om kjønnsmakt- og likestilling i akademia. I sitt forskingsprosjekt har Rogg mellom anna intervjua doktorgradsstipendiatar og rettleiarar frå Universitetet i Bergen og ho trur det er små skilnader mellom dei norske universiteta når det gjeld likestilling. Les: Det er langt mellom kvinner i dei øverste akademiske posisjonane, sjølv om dei talmessig er i fleirtal på universitetet.

Fungerer godt for dei fleste

Bakgrunnen for mentorprosjektet ved UiB er å mellom anna å gjere kvinner tryggare på seg sjølve og hjelpe dei til å gjere strategiske karriereval. Prosjektet ved UiB har no pågått i fire månader og dei fleste para er godt i gong med sine møter. Desse er meint å vere ein gong i månaden, og dei fleste har klart å treffast regelbunde, sjølv om nokre av mentorane og adeptene rapporterer at praktiske problem har gjort det vanskeleg å få til systematiske møter. 19 yngre kvinnelege forskarar og nitten professorar, av dei 11 menn er med på prosjektet.

I ei spørjeundersøking som likestillingsrådgivar og prosjektleiar , Anne Marit Skarsbø, har utført svara adeptene stort sett at dei har svært positive røynsler med mentorordninga. ”Veldig bra, nyttig, hyggeleg, støttande” er mellom anna ord som vart brukt. Mentorane svarte at samtalane fungerer frå ”rimeleg bra” til ”fortreffelig”. Nokre av mentorane meiner det er vanskeleg å finne samtaleemne, og undersøkinga viser at mentorane er litt meir usikre enn adepten på kva samtalen skal innehalde.

- Om nokon har møttest fem gongar, utan å vere utsnakka, ja då er eg imponert, sa ein av mentorane og hausta latter frå både adepter og mentorar.


Brukar tid på å finne ut av ulikskapar

Mentor og adept skal kome frå ulike fagmiljø, og det gjer at ein også må sette seg inn i kulturen der den andre arbeider innanfor.
Jusprofessor, Gudrun Holgersen er mentor for stipendiat Sigrun Eliassen, frå Ifm. Dei to har møttest ein gong i månaden sidan september og har brukt tida på å bli kjent.
- Vi har hatt relativt uformelle samtalar og har ikkje laga nokon plan for desse samtalene. Etterkvart er vi tryggare og snakkar lettare. Vi har veldig ulik bakgrunn, også når det gjeld høve for rekruttering, og vi har brukt tid på å finne ut av ulikskapane, fortel dei to.

Prosjektleinga insisterte på at mentor og adept skulle komme frå ulike miljø fordi ein ville unngå for tette band og konkurranse. Ein vurderte det også slik at det ville vere nyttig å lære om korleis fagmiljøa fungerer på tvers.
- Dette skal vere eit forum der ein kan tørre å seie ting, der ein skal sleppe å vere strategisk i forhold til kolleger, seier Skarsbø.


SFF og YFF til hinder for likestilling?

Fleire av kvinnene som deltok på samlinga meinte dei må erkjenne at eitt av dei største hindera er eiga uvisse. Dette må likevel sjåast i samanheng med at kulturen ved Universitetet i Bergen i stor grad er skapt av menn, og eksisterer på menns premissar. På mentorsamlinga vart det også uttrykt uro over om dei nye elitesatsingane på SFF (Senter for framifrå forsking) og YFF (Yngre framifrå forskarar) kan vere til hinder for likestilling. Likeins vart det stilt spørsmål med om tilsette instituttstyrarar som vil ha nokså stor makt, vil ha tilstrekkeleg fokus på kjønn. Derimot kan Kvalitetsreformen, med sin tverrfaglege profil, og modulbaserte undervisning ha potensiale til å vere betre tilpassa kvinner enn den tidlegare studieordninga, meinte ein kvinneleg mentor. Ho peika på at nye fagtilbod kan dannast, og ein kan slik få institusjonelle forskyvningar.
Mange kvinners tilnærming til forskingsverda, der dei vel også vel å ha ”eit liv” ved sidan av vart av fleire framheva som eit gode for ein forskar.
- Ein vert ikkje ein betre forskar av å lukke seg inne med forskinga og forsake alt anna, vart det sagt.


Held fram til juni

Det er svært viktig at kvinnelege forskarar sine erfaringar må nå toppnivået i organisasjonen, sa fleire av deltakarane.

- Dette er eit organisasjonsutviklingsprosjekt, Gjennom prosjektet håper ein å avdekke strukturar som hindrer kvinner i å gjere karriere i dei ulike fagmiljøa, understreka likestillingsrådgivar Anne Marit Skarsbø.

Skarsbø er godt nøgd med utviklinga av prosjektet så langt. Ho strekar under at dei fleste er positive til den relasjonen dei har til mentor/adept.
- Ingen har rapportert at det funkar dårleg, og vi er opptekne av at relasjonen skal utvikle seg undervegs. Likevel trur eg det er lurt om ein planlegg litt på førehand kva in skal ta opp i møta ein har med kvarandre.

Pilotprosjektet vil pågå til og med juni 2004. Då skal prosjektet evaluerast og ein skal vurdere om det skal fortsetje,

Powered by Labrador CMS