Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Ein rapport slår fast at Griegakademiet (GA) taper på å ligge under Det humanistiske fakultet. Universitetsstyret opnar likevel ikkje for noko eiga budsjettlinje for GA, og instituttleiar Frode Thorsen er skuffa.
Ein ekstern evalueringsrapport tidlegare omtalt i På Høyden er svært kritisk både til det fysiske arbeidsmiljøet og den økonomiske situasjonen ved Griegakademiet (GA). Rapporten slår fast at dersom ikkje tilhøva vert betra, står GA i fare for å tape i kampen om dei beste studentane. I førre møte drøfta universitetsstyret rapporten. Studentrepresentant Nina Hem uttrykte sterk bekymring over tilhøva. – Det som går føre seg ved Griegakademiet har ikkje noko med UiB sine verdiar å gjere. Å basere seg på timebasert undervising er ikkje bra. At studentane må øve i dusjar og på kott er heilt uakseptabelt. Dei får ikkje opna vindu og må øve med hørselsvern. Eg er rysta. Dersom NOKUT kjem på synfaring, kan det spøke for godkjenninga, sa ho til styret. Ber om lausriving I høyringsuttalane frå GA og HF blei det teke til orde for å plassere det økonomiske ansvaret for GA direkte under universitetsstyret. Argumentet er at HF ikkje har sterk nok økonomi til å sikre dei naudsynte budsjettrammene for GA. Dette ønsket vart ikkje imøtegått av universitetsstyret. I staden utforma styret eit vedtak der det blir bedt om at GA sine spesielle behov blir vektlagt i budsjettarbeidet fram mot 2012. ”Universitetsstyret ber om at økonomien ved Griegakademiet, inklusive inntekter og utgifter knyttet til studieplasser og studieprogram, gjennomgås og at eventuelle endringer foreslås i den ordinære budsjettprosessen fram mot 2012. Styret ber om at Griegakademiets spesielle behov tillegges vekt i budsjettarbeidet.” Ifølge rektor og styreleiar Sigmund Grønmo er det ikkje tungtvegande nok grunnar til å skilje Griegakademiet ut frå HF-fakultetet. – Den faglege verksemda ved UiB er organisert og finansiert i tilknyting til fakulteta og museet. Det er ikkje aktuelt å skilje delar av den fagleeg verksemda ut frå fakulteta utan at det er heilt spesielle grunnar til det. At verksemda har behov for meir ressursar, som har vore grunngjevinga for å skilje Griegakademiet ut frå HF-fakultetet, er ikkje ein tilstrekkeleg grunn til ei slik omorganisering. Derimot vil Griegakademiet sine spesielle ressursbehov bli tillagt vekt i samband med årets budsjettframlegg, sjølv om midla til Griegakademiet blir kanaliserte via HF-fakultetet sitt budsjett. I denne samanhengen vil evalueringsrapporten om Griegakademiet vere eit viktig grunnlag, seier han i ein e-post til På Høyden. – Uheldig avgjersle – I botnen av saka låg ein ekstern evalueringsrapport som klart slår fast at situasjonen ikkje er holdbar. Difor er vi skuffa over at framlegget til vedtak ikkje var meir forpliktande. Vi merkar oss at vedtaket vart styrka, men styret burde ha vist større ansvar overfor Griegakademiet, seier han. Thorsen er spesielt kritisk til det han opplever som ei avvising av moglegheiten for ei eiga budsjettlinje for GA. – Både evalueringsrapporten, Griegakademiet sjølve og fakultetet seier det same, og det er lite framtidsretta å parkere dette alternativet. Vi er det einaste miljøet ved UiB som driv med kunstnarisk utviklingsarbeid, som på lovnivå er ein aktivitet jamstilt med forsking. Det bør få innverknad på tilknytingsforma. Eg trur difor vi blir tvungne til å kome tilbake til denne diskusjonen, seier han. Startar gjennomgang av økonomi – Vi håper at alle nivå på universitetet blir representerte i arbeidsgruppa og at vi kan verte samde om kva som må til. Med tanke på vedtaket om 2012-budsjettet i universitetsstyret er det viktig å jobbe raskt, seier han.
Hem la til at ho håper universitetsstyret vil prioritere GA høgt og ha ei tett oppfølging framover. Ho er likevel på linje med resten av universitetsstyret når det gjeld korleis den økonomiske situasjonen ved GA skal handterast. Økonomien er ei alvorleg utfordring. Evalueringsrapporten slår fast at GA har tapt på å bli innlemma som ein del av Det humanistiske fakultet (HF). Det at musikk og kunstnarisk utviklingsarbeid ikkje gjev finansiell utteljing er ei utfordring som i siste instans berre kan løysast på departementsnivå.
Instituttleiar Frode Thorsen ved Griegakademiet er glad for at vedtaket vart styrka i høve til den opprinnelege vedtaksteksten, der det ikkje var med noko oppmoding om å tillegge GA sine spesielle behov vekt. Han er likevel skuffa over behandlinga i universitetsstyret.
GA har ifølge Thorsen eit behov for både akutt budsjettvurdering i høve til 2012 og ei meir langsiktig vurdering av budsjettmodellen. Han vil likevel ikkje svartmale situasjonen, og er positivt avventande i høve til budsjettarbeidet. Etter sommaren vert det sett i gong eit prosjekt for å gjere ei heilskapleg vurdering av GA sin økonomi.