Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Dersom prosessen går etter planen kan Griegakademiet flytta inn i nybygg på Møllendal allereie i 2023.
Ein halv milliard kroner. Det var summen det var sagt å kunne kosta å få tenlege lokale for Griegakademiet på Nygård skole. Men under debatten om samanslåing mellom dåverande Kunst og designhøgskolen (KHiB) og Griegakademiet, kom ideen om den ledige tomten på Møllendal opp. Statbygg bygde allereie ny kunsthøgskule der. Kanskje kunne Griegakademiet like gjerne flytta hit?
I januar 2016 sa Statsbygg, som eig tomten, at dette kan la seg gjera. No er målet at eit skisseprosjekt for nybygget kan vera klart allereie til sommaren.
Bybanen må ut
Det er Statsbygg som eig tomten og det er Statsbygg som kjem til å eiga bygget. UiB kjem til å måtte betala husleige til Statsbygg, men kan få refundert 75 prosent av denne frå Kunnskapsdepartementet.
–Dette er ei ordning som heiter Statens husleigeordning. Vårt primære ønskje var å få ei løyving over statsbudsjettet, slik me til dømes har fått til museumsprosjektet. Men sidan Statsbygg både driftar nabobygget og eig denne tomten, er det dei som ønskjer denne ordninga for eit nybygg.
Det seier Even Berge, eigedomsdirektør ved UiB.
Bybanen brukar tomten per i dag. Men arbeidet deira skal vera ferdig sommaren 2021.
–Med i avtalen er at tomten skal vera klargjort for bygging når Bybanen flyttar ut. Det vil seia at ein kan koma i gang med bygging hausten 2021, og i beste fall vera ferdige i 2023, seier universitetsdirektør Kjell Bernstrøm.
Entek i 2024?
Dette betyr at Griegakademiet kan vera på plass før det mykje omtala Entek-bygget. Der er planane klare, men reguleringsarbeidet er ikkje avslutta. Men Entek-bygget står i den ordinære Statsbygg-køen.
– Målet, og det som kjem til å verta lagt inn i arealplanen som universitetsstyret skal handsama i møtet i november, er at Entek-bygget skal vera ferdig i 2024, seier Berge.
– Me ønskjer sjølvsagt bygget på plass raskast mogleg.
Eit av hovudargumenta for å få flytta Griegakademiet til Møllendal, er at ein kan ha samdrift med resten av fakultet for Kunst, musikk og design.
– Me byggjer ikkje to bibliotek, for å seia det sånn, seier Berge.
– Ein kan òg ha felles kantine og felles administrasjonslokale. I tillegg hadde det vorte svært krevjande å rehabilitera Nygård skole medan det var drift i bygget.
No kan den gamle sentrumsskulen i staden seljast. Bergen kommune leiger i dag deler av lokala, men skal etter avtalen vera ute i 2019.