Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Komposisjonslærar Morten Eide Pedersen døydde brått for knappe to år sidan. No får samtidsmusikkmiljøet i Bergen ein solid arv etter han.
Eit fond på 7,7 millionar kroner skal gå til nye musikkprosjekt i Bergen.
Det var nyheita Avgarde sin styreleiar Halldis Rønning hadde med seg til eit møte med byens komponistar og samtidsmusikarar tysdag, skriv Bergens Tidende.
Pengane er arv etter Morten Eide Pedersen (1958-2014). Han var mangeårig komposisjonslærar ved Griegakademiet og døydde brått i 2014. Eide Pedersen hadde arva pengar frå foreldra sine, men hadde sjølv ingen arvingar.
– Då han arva pengane, ga han uttrykk for at han ville at desse pengane skulle gå til samtidsmusikkmiljøet i Bergen, seier Rønning til BT.
Avgarde er ei foreining, etablert som eit ope samarbeid mellom komponistar, utøvarar og musikkstudentar. Det fremste målet deira er å visa fram samtidsmusikk. Denne våren har utøvarar knytt til Avgarde mellom anna delteke på Borealis, spelt for barn på Bergen Offentlige Bibliotek og medverka under Else Olsen Storesund sin doktorgradsdisputas.
Rønning seier til BT at pengane Avgarde no får, skal brukast til nye prosjekt. Dei som har gode idear kan skriva søknadar, som så vil verta vurderte av ein uavhengig komité.
– Alle i denne komiteen har god kjennskap til kva Morten stod for, så tildelingane skal vera nær opp til det han jobba for, seier Rønning.