Griegakademiet spelar opp

Publisert

Under Festspillene nyttar Griegakademiet høvet til å syne fram kva dei har jobba med vinteren igjennom. Kvar dag vankar det ulike konsertar, og operaen «Dido and Aeneas» blir høgdepunktet.

I eit rom i andre etasje på Griegakademiet samlast koret i Purcell-operaen «Dido and Aeneas» til danseprøve. Framsyninga skal i det store og heile vere i boks no, men framleis er det småting som må terpast på. I dag fungerer ikkje cd-spelaren, og instruktør Silje Aker Johnsen må synge melodien til sjømannsdansen.

– De kan godt løfte armane litt meir når de gjer dei hælsparka, seier ho til sjømennene, og demonstrerer korleis ho vil ha det.

Henry Purcell komponerte operaen i 1689, og handlinga er basert på Vergil-eposet Aeneiden. Temaet i operaen er, som så ofte elles, ulukkeleg kjærleik.

– Dido er dronning, og mannen hennar døyr. Så kjem Aeneas, som er prins av Troja, og dei blir forelska i kvarandre. Men Aeneas misser livet på havet, og Dido døyr av hjartesorg, fortel Kristi Anna Isene. Ho studerer song, og er med i koret i operaen.

Operaen er ei storsatsing for Griegakademiet. Om lag 25 songarar og musikarar er med på framsyninga.

– I dag øver vi berre på dansen. Det er ikkje lett, for vi skal jo vere så elegante, vedgår Isene.

«Dido and Aeneas» blir spelt 28.-30. mai, klokka 13 og klokka 22. Framsyningane finn stad i prøvesalen på Griegakademiet, og varer om lag ein time.

Kvar dag til og med laurdag 31. mai er det også stikk-innom-konsertar på dagtid, med studentar frå akademiet. Konsertane er i Grieghallens foajé eller på Griegakademiet, og har gratis inngang.

Powered by Labrador CMS