Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
At loket ikkje er på, er heile poenget når Else Olsen Storesund poppar popcorn. Pianoet ho spelar på, er heller ikkje heilt som andre piano.
– Dette må merkast med ei åtvaring. Ikkje gjer dette heime!
Else Olsen Storesund står bøygd over pianoet. Under loket, der strengane er, har ho festa gaflar.
– Dette er dyre instrument, og ein skal ikkje ein gong ta på strengane dersom ein ikkje veit kva ein gjer. Eg har jobba med ein teknikar, forsikrar ho, og hentar fram sminkepungen. Oppi der er det ikkje sminke, men andre ting som kan brukast til pianopreparering. Sprettball festa på ein pinne gir ein spanande, litt romlande lyd, ei trommestikke høyrest litt annleis ut.
Små menneske
Det handlar, kanskje ikkje overraskande, om lyd. Else Olsen Storesund er Griegakademiet sin tredje kandidat innan det nasjonale Program for kunstnerisk utviklingsarbeid. Den kunstneriske forskinga gir førsteamanuensiskompetanse i den andre enden, utan at Storesund reknar med at det kjem ein fast jobb rekande på ei fjøl av den grunn.
– No lengtar eg nesten tilbake til tilveret som fattig kunstnar, humrar ho.
Ho er utdanna klassisk pianist ved Musikkhøgskolen i Oslo, men har tatt med seg både prosjektet, mann og barn til Bergen.
Prosjektet, det heiter «Åpen form – en utvidet utøverrolle». Under samtidsmusikkfestivalen Borealis 15. mars skal ho framføra det på Bergen Kjøtt. Konserten er delt i tre:
– I hovudrommet på Bergen Kjøtt vert hovudkonserten. Eg skal spela saman med eit orkester. I Speledåsrommet skal ungane vera med. Her må dei først skapa noko, gjennom perling eller bygga lego. Som premie får dei laga lyd. Dersom barna ønskjer å gå, vert dei fulgt av to guidar til leikeplassen. Her kan dei òg leika med lyd.
– Kvifor fokus på barna?
– Eg skjønar ikkje spørsmålet, seier Storesund bestemt, før ho held fram:
– Barn er menneske, dei er berre mindre enn oss vaksne. Eg har sjølv opplevd å verta hysja på når eg har tatt ungane med på konsert. Då har dei ikkje bråka, men kome med fascinert-lydar. Dette er noko eg saknar hos vaksne. Dersom ein ikkje vil at ungar skal kunne vera med på konsert, må ein ha aldersgrense. Mine to har til dømes vore med på barokk-konsert, og på Kaizerskonsert i Operaen – med hørselvern.
Storesund meiner at dersom ein som vaksen vil at ungane skal ha glede av nyvinningar, må dei få ta del frå dei er små. Samstundes synest ho både barn og vaksne har godt av å oppleva noko med litt motstand i.
– Av og til kan ein jo tenkja at «noko er gørr kjedeleg», men ein vil høyra det ferdig. Eg ønskjer at òg barna skal kunne kjenna gleda det gir dersom ein torer å stå løpet ut.
Tek rundetider
Teknikar Davide Bertolini kjem innom, og ser fascinert på gaflane i pianoet.
– Lydane berre varer og varer, seier han begeistra.
Gaflane vert flytta for kvar gong Storesund øver. Det gjer at instrumentet vert litt ulikt kvar gong. På Bergen Kjøtt er det eit anna piano som må preparerast før konsertstart.
Open Form har utgangspunktet sitt i New York-skulen på 1950- og -60-talet. Nokre av dei viktige komponistane er Morton Feldman, Earle Brown, John Cage og Christian Wolff. Storesund skal spela verk av fleire av desse på konserten. Ho skal òg framføra Pauline Oliveros’ «Horse Sings From Cloud». Eit anna stykke av same komponist heiter «Dissolve your ear plugs». Midtsatsen heiter «play together with your favourite machine».
– Og mi favorittmaskin, det er komfyren, seier Storesund.
Stykket ho sjølv har skrive, «Lotto», skal verta spelt saman med Oliveros’.
På ei kokeplate har Storesund plassert ei stor aluminiumsgryte. No tømmer ho sakte oppi olje, deretter upoppa popcorn.
– Spørsmålet er om du skal setja på plata og begynna å spela når popcornet poppar, eller om nokon andre skal setja det på på førehand. Så er stykket ferdig når popcornet er poppa, seier Øyvind Storesund.
Han er ektemann og hjelpar, og hyra inn for å mellom anna ta tida.
– Eg kan ta nokre rundetider, smiler han.
Else går til pianoet og festar gaflane ein ny stad. Men det skjer ingenting i gryta.
– Skal ikkje loket vera på, spør ektemannen.
– Nei, det er eit poeng, svarar Else.
– Eg er veldig usikker på denne sekvensen, seier ho.
Tek vekk det som forstyrrar
Noko av det Storesund likar med barn, er at dei er tydelege i tilbakemeldingane sine. Dei er heller ikkje vanskelege å instruera, og kjem meir enn gjerne fram på scena dersom ein ber dei om det.
– Me vaksne prøver å gøyma oss og lata som om me ikkje høyrde spørsmålet.
Men ikkje heile konserten vert interaktiv.
– Deler av det eg skal gjera er performance-aktig. Men samstundes ønskjer eg ikkje at alt skal vera multimedialt. Av og til er det eit poeng å ha det heilt mørkt og berre lytta. Ein tek vekk det som forstyrrar, seier ho.
Når Storesund underviser studentar, spør ho dei alltid om dei har tenkt på korleis dei vil bygga opp scenerommet, og på kva dei sjølve skal ha på seg.
Men kvifor brukar ho sjølv popcorn og gaflar og ymse anna?
– Det har vorte sagt at kva meir skal ein forventa av kunst enn å tre inn ei anna verd? Det er det det handlar om. Det er ikkje noko å forstå – ein skal berre smaka.