Grønn riving av Studentsentret

Publisert

– Vi har ei grønn linje og legg lista så høgt som mogleg i forhold til gjenbruk, seier bygningssjefen ved Eigedomsavdelinga ved UiB, Tore Andre Andersen om rivinga av Studentsentret som no startar.

Det blir ingen spektakulære røykskyer å sjå på Nygårdshøyden under rivinga av Studentsentret. Det heile vil gå roleg for seg med nitid nedplukking av alt som kan brukast på nytt. Mykje av inventaret, alt frå sofaer, stolar og ventilasjonsanlegg er allereie gjenbrukt og gjeve vekk til andre utdanningsinsitusjonar.

“Alt” skal brukast

Entreprenøren NCC-Construction overtok bygget denne veka og har byrja den svære, innvendige kildesorteringsjobben. Her går uendeleg med vindusflater til gjenvinning i lag med alt anna som er brukande, som stein, jord og enkelte tekniske installasjoner.

Entreprenøren følgjer dei nasjonale retningslinene for gjenbruk, men Eigedomsavdelinga ved UiB ønsker å gjenbruke mest mogleg innen rimelige grenser, ifølge bygningssjef Andersen. Han har koordinatorrolla med det nye Studentsentret frå UiB si side og fortel at riving og gjenoppbygging vil gå parallelt, men at i dei første månadene vil ein konsentrere seg om riving og sanering.


Svømmebassenget ei nøtt

– Sjølve rivinga skal etter planen ta 3-4 måneder og vere ferdig til sommaren. Så blir det oppbygging igjen i alle fag, elektro, vvs, bygg, tømmer etc. Ei spesiell utfordring blir både installasjon og drift svømmebassenget i bygget, men det første som vil reise seg er truleg hovedinngangspartiet og partiet ved Parkveien 9, seier Tore Andre Andersen.


18 månaders byggetid

Han seier videre at bygginga av nytt studentsenter er ein relativt kompleks og vanskeleg jobb fordi noko av bygget skal behaldast , medan noko skal byggast opp frå grunnen. Det er berekna 18 månaders byggetid og det nye bygget skal vere ferdig til høstsemesteret 2006. Noko som er svært raskt for eit så omfattande prosjekt.

– Men entreprenøren har svært mykje røynsle med liknande arbeid, så dette skal gå bra, avsluttar han.

Powered by Labrador CMS