Grunnhumanistane

Publisert

Margareth Hagen og Einar Thomassen skal leia Det humanistiske fakultetet dei neste fire åra. – Me vil kjempa for og jobba for HF, seier Hagen.

– Å verta dekan er sjeldan noko ein kjem på sjølv, seier Margareth Hagen.

Frå august skal ho likevel vera det. 47-åringen er førsteamanuensis i italiensk litteratur ved Institutt for framandspråk. Ho stilte til val saman med Einar Thomassen (62), professor i religionsvitskap ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap. Med på laget er òg visedekan Claus Huitfeldt (56). Han er førsteamanuensis i filosofi ved Institutt for filosofi og førstesemesterstudium.

Det kom aldri motkandidatar til Hagen sitt lag.

– Det hender at berre eit dekanat stiller til val. Me visste ikkje dette før fristen var ute, seier Hagen.

På lista der ho og Thomassen vart føreslegne, står det namn frå alle institutta og òg representantar frå dei administrativt tilsette. Det var viktig for dei.

– Me er glade for å ha fagleg brei støtte, seier Thomassen.

Ønskjer eit tydeleg HF
Den påtroppande dekanen og prodekanen har kjent kvarandre lenge, og meiner sjølv at dei utfyller kvarandre godt.

– Me deler ei grunnhaldning om kva HF er og skal vera. Me vil arbeida for å bevara og fremja HF. Me vil ta vare på breidda, ha kvalitet i alle ledd og få ned overrapporteringa. Og så vil me sjølvsagt jobba for å gjera HF synleg både innanfor og utanfor universitetet, seier Hagen.

Ho karakteriserer både seg sjølv og Thomassen som grunnhumanistar.

– Me er motiverte for desse verva fordi me er glade i dei humanistiske faga. Me vil kjempa for og jobba for HF. Me vil òg leggja betre til rette for tverrfaglegheit, seier Hagen.

Thomassen seier at det påtroppande dekanatet er opptekne av å stimulera alle fagmiljøa ved fakultetet.

– Me ønskjer òg at forskarane skal visa i samfunnet og vera med i den offentlege debatten, seier han.

– Må leva med mellombelse stillingar
Fakultetet dei frå hausten skal leia er det største når ein ser på talet på studentar. Nokre av utfordringane er talet på mellombels tilsette og publiseringstal som viste ein nedgang på ti prosent i 2012. Fakultetet har no god økonomi, men det er ikkje mange år sidan stoda var annleis.

– Kva vil de gjera for å få ned talet på mellombelse stillingar?

– Ein må nok delvis leva med at det er mellombelse stillingar ved eit universitet. Nokre forskarar skal ha forskingsfri og treng vikar til undervisninga, og eksterne midlar gjer at ein kan tilsetja på prosjektbasis. Men samstundes ønskjer me at studentane skal treffa aktive forskarar. Det er ikkje heldig dersom dei faste vitskapeleg tilsette er frikjøpt og det berre er mellombels tilsette som har undervisninga, seier Hagen.

– Mellombelse stillingar skal sjølvsagt ikkje brukast til å dekka permanente undervisningsbehov, legg ho til.

– Det studentane ofte hugsar, er dei ulike lærarane. Me ønskjer å få fram personlegdommane. Dei beste forskarane bør òg undervisa på grunnivå, seier Thomassen.

Vil planlegga for dårlegare tider
Når det gjeld fakultetet sin økonomi, meiner Hagen og Thomassen at ein må planlegga for dårlegare tider.

– Me må ikkje gjera oss for avhengige av flyktige pengar, seier Thomassen.

Dei seier at den viktigaste forskingsressursen ein har er dei 46 prosentane som er sett av i dei faste vitskapelege stillingane.

– Me vil jobba for å styrka støttefunksjonane til forsking, seier Hagen.

Når det gjeld nedgangen i publikasjonspoeng seier Thomassen at han tolkar nedgangen i publikasjonspoeng som tilfeldig, og meiner at publisering må sjåast over fleire år. Likevel seier han at han ønskjer å arbeida for at det vert publisert meir og at fleire publiserer .

– Me ser at publiseringa er ulikt fordelt mellom faga. Men det betyr ikkje at nokre fagmiljø har dårlegare forskarar – ting som undervisning og sjukdom kan spela inn. Og det er viktig å tenkja på at formidling, sjølv om det er svært viktig, ikkje genererer poeng, seier Hagen.

– Eg synest det er for mykje fokus på media når ein snakkar om formidling. Ein tenkjer ikkje på undervisning, supplerer Thomassen.

Margareth Hagen vert dekan ved HF og må legga forskinga til side dei neste fire åra. Einar Thomassen vert prodekan og skal i prinsippet framleis ha forskingstida si. – Eg kjem nok til å ha rettleiing med nokre masterstudentar og stipendiatar, seier Hagen. Begge foto: Hilde Kristin Strand

– Samde om ny praksis
Etter nyttår har to tilsetjingssaker fått mykje merksemd. Den eine var ved Det samfunnsvitskapelege fakultetet – den andre ved HF. I den siste saka var Hagen administrator for den sakkunnige komiteen. Då saka kom opp i fakultetsstyret, vart det ein lang og oppheita debatt om meiroffentlegheit eller ikkje i tilsetjingssaker.

– Kva linje vil de legga dykk på når det handlar om openheit?

– Så lenge det ikkje går ut over personvernet vil me så opne som me kan, seier Thomassen.

– Me er samde om å nytta den nye praksisen. Regelverket har til no vore tolka for strengt, seier Hagen.

Ho seier at tilsetjingssaker er vanskelege, og ofte lange prosessar.

Vil ha fellesarena
Det nye dekanatet vert formelt valt i fakultetsstyret 11. juni. Deretter skal dei nye fakultetsleiarane ha eit overlappingsseminar med dei noverande.

– Me er jo ikkje ukjende med UiB og har følgt med på det som skjer. Det er ein del prosessar som er i gang, og som me vil føra i hamn på ein skikkeleg måte, seier Hagen, og nemner bachelorgraden og som døme.

Ei anna sak dei vil gå i gang med, er å sjå på det dei kallar overrapportering.

– Me ønskjer òg arbeida for å få på plass ein fellesarena for HF, eit forum eller ei forelesingsrekke der forskarane kan treffast. Me vil synleggjera kor levande faga er, seier Hagen.

 

Grunnhumanistane

Margareth Hagen

Alder: 47
Bur: Møhlenpris
Sivilstatus: Gift, to barn og ein katt
Bakgrunn: Er førsteamanuensis i italiensk litteratur. Har tidlegare leia likestillingskomiteen, sete i programkomiteen for Christiekonferansen og nasjonalt fagråd for romansk. Er no nestleiar ved instituttet og sit i instituttrådet.
Fun fact: Er veldig glad i Bob Dylan og science fiction

 

Einar Thomassen

Alder: 62
Bur: Bønes
Sivilstatus: Gift, to barn
Bakgrunn: Er professor i religionsvitskap. Har tidlegare vore instituttstyrar for institutt for klassisk filologi, russisk og religionsvitskap. Har òg vore prodekan for undervisning ved HF. Er visepresident for «European Association of the Study of Religion»
Fun fact: Elskar opera

 

 

Powered by Labrador CMS