Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
50 år sidan sist jubileum er det no klart for ei ny bok om historia til Stortinget, også denne gongen med fleire forfattarar frå UiB.
Det vert både boklansering og panelsamtale på Litteraturhuset i Bergen i kveld. <<Stortingets historie 1964-2014>> er eit samarbeidsprosjekt mellom UiB og UiO og er også ein del av UiB si markering av grunnlovsjubileet.
Tore Grønlie, professor ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap, har vore ein av tre redaktørar på boka. Dei to andre er Hanne Marthe Narud, som diverre døydde tidleg i prosjektet, og Knut Heidar.
Stortinget har betydeleg makt
I tillegg til redaktøransvaret har Grønli også skrive den fyrste kronologisk orienterte analysen av Stortinget si utvikling frå det førre jubileet og fram til i dag.
Grønlie har særleg vore oppteken av å revidere tidlegare førestillingar som ofte har gått ut på å seie at stortinget har lite makt.
– Eg forsøkjer å seie at Stortinget har betydeleg makt og at stortinget antakelig har meir makt i dag enn dei hadde ved det førre jubileet. Eg har også vore oppteken av samhandling mellom statsmakter; altså at Stortinget, regjering og forvaltninga på mange måtar samarbeider meir no enn tidlegare, fortel Grønlie.
– Eit eksempel på det er dei mange store forlika vi har vore igjennom dei siste 10-15 åra, der stortinget har vore ein arena for å skape ei felles forståing i politikken. Det er eit litt anna perspektiv enn den maktstriden mellom statsmaktene som ofte har vore sterkt fokusert på tidlegare.
Fleire forfattarar frå UiB
Det er til saman 18 forfattarar som er med på boka. Dei skriv spesialarbeid som kan knytast til spesielle sider ved Stortinget. Det er forskarar frå fleire forskjellige fag og ifrå fem universitet.
– Vestlandsforfattarane skriv i ein bolk som heiter <<Kampen om oppmerksomheten>> som då handlar om dei forskjellige forsøka på å øve innflytelse på stortinget utanfrå. Det handlar om massemedia si rolle, aksjonane si rolle i det lokale demokratiet og lobbyisme. Arrangementet på Litteraturhuset i dag vert konsentrert om den tematikken som vestlandsforfattarane har skrive om i desse bidraga, seier Grønlie.
Av andre aktørar frå UiB i bokprosjektet finn vi Martin Eide, som skriv om pressa, og Kristin Strømsnes saman med Per Selle skriv om aksjonane sin plass i demokratiet.
Skapte furore
I 1964 kom det fire bind som tok føre seg dei fyrste 150 åra med stortingshistorie. Av forfattarane då var mellom andre Alf Kaartvedt og Rolf Danielsen ved Historisk institutt i Bergen.
– Desse binda vekte den gongen stor furore som representantar for ei ny historieskriving og har til denne dag hatt ein veldig sterk posisjon i politisk historieskriving, fortel Grønlie.
Ikkje like mykje furore med denne boka
Det var på mange måtar ei ny historieskriving som la veldig stor vekt på aktørane sin plass i ein interesseorientert strid om makt og innflytelse. Grønlie trur ikkje det vert like stor furore med den nye boka.
– Det skal godt gjerast å leve opp til dei to gigantane i norsk historieskriving, men vi har hatt inspirasjon frå det førre verket og det handlar jo om mykje det same, nemleg Stortinget sitt forsvar for folkestyret og kampen for innflytelse overfor andre statsmakter. Vi har prøvd å halde oss sterkt til den same tematikken som prega det fyrste verket.
Mange kokkar, lite søl
Sjølv om det har vore mange forskjellige forfattarar med på denne boka har prosessen rundt boka gått overraskande bra, fortel Grønlie.
–Vi har hatt ein del seminar der vi har diskutert manuskript, og forfattarane har vore veldig konstruktive og også villige til å lytte til redaktørane. Vi meiner i alle fall at boka heng nesten forbløffande godt saman, seier Grønlie og ler.