Synnøve Fluge (til høgre) representerer grupp B i universitetsstyret. No er ho ein av fire kandidatar som stiller til val. Her er Fluge saman med Anne Kverneland Bogsnes og Maria Dyrhol Sandvik og Robert Bjerknes (bak).

Kan velja mellom fire kandidatar

Publisert

Det kom til slutt inn fire forslag til gruppe B-representantar i universitetsstyret.

Då det sentrale valstyret hadde møte fredag, hadde dei fått inn fire forslag til kven som skal representera gruppe B, altså dei mellombels vitskapeleg tilsette, i universitetsstyret komande studieår. Alle dei fire forslaga kom inn heilt på tampen, då På Høyden snakka med seksjonssjef Arne Ramslien tysdag same veke, hadde det ikkje kome inn eit einaste forslag.

– Det er svært gledeleg at det kom forslag på fire kandidatar. No vert det reell konkurranse om vervet, seier Kristin Bakken.

Ho er leiar for det sentrale valstyret.

Lite einsarta gruppe
Dei fire som no konkurrerer om vervet som universitetsstyrererpresentant er Synnøve Fluge, Erik Andreas Hanson, Stina Ellevseth Oseland og Line Marie Sørsdal. Fluge er representant i universitetsstyret dette året. Ho sa til På Høyden førre veke at ho vurderte å stilla til gjenval, men at det samstundes tek mykje tid å ha eit slikt verv.

Nettopp tidsbruk kan vera årsaka til at mange vegrar seg til å stilla til val, trur Bakken. Ho er sekretær for valstyret ved Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet, og veit av erfaring at gruppe B ikkje alltid er ei lett gruppe å nå.

– Mange er pressa på tid og føler at dei ikkje kan ta på seg verv. Gruppe B er i tillegg lite einsarta; nokre er tilsett som forskarar på mellombelse prosjekt, nokre er stipendiatar og andre er postdokar. Mange kjem frå utlandet, og det er ikkje krav om at denne gruppa skal læra seg norsk, seier Bakken.

Ho har oppmoda fakulteta om å gi direkte informasjon om valet til dei tilsette i gruppe B.

– Tradisjonelt sett har det ikkje vore sterk konkurranse om dette vervet, seier Bakken.

I fjor hadde det berre kome inn forslag om eitt namn då nominasjonsfristen gjekk ut. Då valte valstyret å gi lenger frist. Til slutt kunne dei med røysterett velja mellom fem kandidatar.

Val frå 20. april
Sjølve valet er eit elektronisk val, og går føre seg i perioden 20.-26. april. Berre dei som sjølve høyrer til gruppe B har røysterett. Her kan du sjekka om du står i manntalet.

Studentane har allereie avvikla sitt val. Johanne Vågland og Jin Sigve Mæland vann ein knapp siger over Bendik Verlo Nes og Camilla Isabel Wetteland Kristiansen.

Powered by Labrador CMS