Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
UiB må styrkje ressursgrunnlaget sitt, redusere bruken av mellombelse tilsettingar og verte endå betre på å utnytte moglegheitene som ligg i tverrfagleg forsking og utdanning, meiner Elisabeth Müller Lysebo. Ho er kandidat til universitetsstyret.
Namn: Elisabeth Müller Lysebo Alder: 46 år Gruppe: C Utdanning og stilling: Cand. scient. i biologi. Administrasjonssjef på Institutt for biologi Fun-fact: Eg har fiska frå robåt nattestider i Lille Lungegårdsvann. Korfor vil du sitje i universitetsstyret? Kva vil du særleg gjere for di gruppe om du blir vald? Teknisk, administrativt og vitskapleg personale har ulike funksjonar på UiB, men vi arbeider alle for same mål. Eg vil difor arbeide for at gruppe C sine røyster ved val skal verte vekta høgre enn i dag. Kva er dei viktigaste sakene du vil arbeide for i universitetsstyret? Eg er oppteken av at UiB kontinuerleg vidareutviklar og styrkjer grunnlaget for at dei naudsynte rammevilkåra kan vere til stades for å kunne drive forsking på høgt internasjonalt nivå og tilby forskingsbasert undervising gjennom relevante studieprogram med høg kvalitet i eit godt læringsmiljø. Mellom anna er det viktig å arbeide for å styrke UiB sitt finansieringsgrunnlag frå ulike kjelder. Eg meiner styret må leggje til rette for og stimulere til at fagmiljøa kan utvikla høg kvalitet både i forsking og undervising på alle nivå. Vidare er eg oppteken av at UiB må redusere bruken av mellombelse tilsettingar, mellom anna gjennom dei moglegheitene som finst i å samhandle med Uni Research om karrierevegar. Kva tre ting bør endrast ved UiB? UiB må finne gode og tenlege løysingar for å redusere bruken av mellombelse tilsettingar. UiB må verte endå betre på å utnytte moglegheitene og styrken som ligg i tverrfagleg forsking og utdanning.
UiB spelar ei viktig rolle i samfunnet ved å skape og spreie kunnskap som kan løyse utfordringar og skape utvikling. Eg er oppteken av at UiB får best moglege vilkår til å fylle rolla si som forskings- og utdanningsinstitusjon, samstundes som det er viktig at UiB sjølv skapar moglegheiter og nyttar ressursane sine best mogleg. Eg ynskjer å vera med på å vidareutvikle UiB som ein viktig aktør innan forsking og utdanning. I dag er eg første vara til styret, og etter nær 20 år som administrativt tilsett på institutt- og fakultetsnivå saman med røynsle frå styreverv utanfor UiB meiner eg at eg har noko å bidra med i universitetsstyret.
UiB har motiverte og dedikerte tekniske og administrativt tilsette som har mykje å bidra med innanfor eit breitt spekter av stillingskategoriar og funksjonar. Det er ei mangfaldig gruppe med røynsle og kompetanse som verkeleg ynskjer å gjere sitt beste for kjerneaktivitetane ved UiB. UiB er avhengig av gruppa for å drive kjerneaktivitetane, og eg er oppteken av at UiB anerkjenner, nyttar og utviklar den kompetansen og røynsla gruppe C sit på og involverer oss i det daglege arbeidet rundt ikring og ulike prosessar.
Universitetsstyret er UiB sitt øvste organ med ansvar for heile verksemda. Styret må ha dei overordna, strategiske måla og langsiktige planane i fokus og styre verksemda slik at måla vert nådd. Styret må lytte til behov og signal frå dei ulike fagmiljøa og anerkjenne at fagmiljø kan ha ulike behov samstundes som styret skal og må ta eit ansvar for heilskapen.
UiB må halde fram med å utvikle og styrkje ressursgrunnlaget, både grunnløyvinga og ved å nytte eksterne forskingsmidlar der dei bidreg til at UiB når sine strategiske mål. Eit konkret endringstiltak er at grunneiningane må sitje att med ein større del av dekningsbidraget enn i dag.