Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Synnøve Myhre vil som kandidat til universitetsstyret jobbe for kompetanseheving og betre karrierevegar for dei teknisk og administrativt tilsette, styrke HMT-arbeidet og sørge for at kvalitet vert premiert.
Namn: Synnøve Myhre Alder: 43 Gruppe: C Utdanning og stilling: Cand polit frå UiB, og no administrasjonssjef ved Klinisk institutt 2. Fun-fact: Badar i sjøen kvar søndag, heile året. Korfor vil du sitje i universitetsstyret? Kva vil du særleg gjere for di gruppe om du blir vald? Kva er dei viktigaste sakene du vil arbeide for i universitetsstyret? Grunnforsking og fagleg breidde er avgjerande for eit leiande forskingsuniversitet. Kvalitet skal og bør verdsetjas og premierast. Som styremedlem vil eg arbeide for at tildelingsprosessane er gode og transparente. Og eg vil ikkje minst kjempe for at prosessane bygger på UiB sine grunnverdiar, nemlig dei demokratiske prinsippa. Kva tre ting bør endrast ved UiB? 1. Auka kompetanseheving og karrieremulegheiter for dei teknisk og administrativt tilsette Vi skal alle kunne være stolte av UiB!
Eg er svært takksam for å vere foreslått på vegne av ei viktig gruppe som gruppe C, eg er samstundes stolt over å arbeide ved UiB, og synes at UiB er ein svært interessant arbeidsplass. Ved å sitje i universitetsstyret får ein større innblikk i heile organisasjonen, og ein får vere med på å forme framtida til UiB dei neste fire åra. UiB skal ikkje berre vere eit leiande, internasjonalt universitet som evner å rekruttere dei beste vitskapelege tilsette. UiB skal vere ein god stad å vera, både for studentar og alle grupper tilsette. For den teknisk-administrative staben er sikring av kompetanse og langsiktig kompetanseheving avgjerande for kvalitet i forsking og undervisning. Forvaltninga av universitetet må vere god og opplevast som effektiv. Det må eksistere ein kultur i leiinga med høge ambisjonar, både på vegne av dei tilsette og institusjonen.
Eg vil mellom anna arbeide for at gruppa teknisk-administrative får den kompetanseheving som eit leiande internasjonalt universitet er avhengig av. Utan gode teknikarar og administrative blir det heller ikkje kvalitet i forskinga eller undervisninga. Eg synes det er svært underleg at denne gruppa berre utgjer 16 % av stemmene til val av rektor og universitetsstyre. Eg vil arbeide for at denne gruppa får den respekten dei fortener i vår organisasjon. Det sit svært mykje kompetanse i denne gruppa, og mange av dei blir tekne for gitt.
I ein kunnskapsbedrift som vår er vi avhengige av at medarbeidarar trivest og er motiverte for å gjere ein god jobb, og at dei blir sett og verdsett av sine leiarar. UiB må i enda større grad satse på helse, miljø og tryggleik. I tillegg er det er eit stort behov for å skaffe gode, elektroniske verktøy som kan forenkle kvardagen både til dei teknisk-administrativt tilsette, og dei vitskapeleg tilsette.
I kommande periode er det avgjerande at universitetet sine ulike fagmiljø og grupper tilsette arbeider saman for å nå våre felles mål. Eg vil vere eit styremedlem for heile universitetet, og eg vil i universitetsstyret arbeide særleg for:
2. Styrke HMT-arbeidet ved UiB
3. Arbeide for at kvalitet vert premiert