Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
I samband med utdelinga av Abelprisen kjem H. M. Dronning Sonja til Bergen 26. mai. Her får ho møte over 700 skulebarn som leikar seg til matematikkunnskap.
Abelprisen vert årleg utdelt til matematikarar som har gjort framifrå vitskapleg arbeid innan faget. Årets pris vart tildelt den amerikanske matematikkprofessoren John Milnor. Sjølve prisoverrekkinga finn stad i Oslo, men i samband med utdelinga vert det også eit arrangement og foredrag i Bergen 26. mai. Kunnskapsfest På Festplassen blir det rebusløp og ei rekke stasjonar med aktivitetar knytt til matematikk. – Vi samarbeider også med Permanenten om matematikk i kunsten, seier Hans Munthe-Kaas, professor ved Matematisk institutt. Banebrytande matematikk – Oppdaginga hans av eksotiske sfærer opna opp differensialtopologi som ei ny grein av matematikken, seier Munthe-Kaas. I foredraget gjev Milnor ei oversikt over meir enn 100 år med forsking på desse områda. Foredraget er mynta på studentar og forskarar ved Universitetet i Bergen, men Munthe-Kaas understrekar at det er ope for alle interesserte. John Milnor er ein matematikar som ofte har rokka ved etablerte sanningar innan fagfeltet. – Milnor har gjort fleire vitskaplege arbeid som i stor grad har overraska matematikarar verda over, seier Munthe-Kaas.
Tiltak og arrangement for å fremme interessa for matematikk blant barn og unge er sentralt for Abelprisen, og arrangementet på Festplassen komande torsdag blir ein kunnskapsfest der 700 skuleelevar frå 5.-7. klasse får leike og spele seg til mattekunnskapar. H. M. Dronning Sonja har takka ja til invitasjonen om å vere til stades under arrangementet.
Abelprisvinnaren John Milnor kjem også til Bergen for å halde eit foredrag. Utgangspunktet er det mest berømte arbeidet hans, som dreier seg om kva vi meiner med at overflata på ei kule er ’glatt’. I 1957 oppdaga Milnor, til si eiga og alle andre matematikarar si store overrasking, at dette spørsmålet ikkje er så enkelt som ein skulle tru.