Hamsterar ga forskingsgjennombrot

Forsøkshamsterane til stipendiat Torbjørn Paulsen treivst så godt at dei starta å yngle. Lite visste dei om at dei var med i eit eksperiment som skulle endre det ein tidlegare har visst om vasstette frø.

No vekker studien merksemd internasjonalt. Den står på trykk i neste utgåve av det anerkjente botanikktidsskriftet, New Phytologist. Også Science ryddar spalteplass: Studien er omtala i siste utgåve av vitskapsmagasinet.

Som førsteforfattar står stipendiat ved institutt for biologi, Torbjørn Rage Paulsen.

– Å bli omtala i Science er også ei veldig stor fjør i hatten, seier Paulsen.

Men korleis gjekk det til at stipendiat Paulsen brått sat der med stuevarme hamsterar og kom fram til eit forskingsresultat om frø som vekker botanisk merksemd verda over?

Ny viten om smågnagarar
Paulsen har forska på plantar som produserar dimorfe frø. Dette er plantar som lagar to ulike typar frø samstundes, nokre er vasstette og nærmast luktfrie, medan andre ikkje er det. Dei sveller og byrjar å gi frå seg duft når dei ligg i fuktig jord.

Han forklarer:

– Ein har trudd at dette frøtrekket handla om frøkvile, altså noko planten gjer for å forhindre at alle frøa skal spire på ein gong. Arten vil ikkje at alle frøa skal spire samtidig i tilfelle det skjer noko som drep frøspirane. Vatn krevs for spiring, så det er ikkje så rart at ein har trudd at vasstette frø fannst for å utsette spiringa.

– Men denne studien viser at det at nokre plantar  både vasstette og ikkje-vasstette frø har betyding for om dei lettare kan spreie frøa sine ved hjelp av smågnagarar, seier Torbjørn Paulsen.

I forsøket oppdaga Torbjørn Paulsen at dette med dimorfe frø ikkje er slik ein alltid har trudd. For frøa som tek til seg vatn vert større og luktande, og er difor tiltrekkande på smågnagarar. Gnagarar kan dermed spele ei annleis rolle i frøspreiinga enn det enn tidlegare har lagt til grunn.

– Dette får store ringverknader når ein forskar på korleis smågnagarar nyttast i frøspreiing, seier Paulsen.

Ein hamster luktar seg fram til dei frøa som har begynt å svelle. (Foto: Torbjørn Rage Paulsen)

Smågnagarar er gartnar-hjelparar
– Forsking viser at smågnagarar leitar etter frø som luktar. I mørke ser dei dårleg, og brukar nasa til å finne mat.

Det er vanleg at desse små dyra lagar mange forråd av frø, som dei grev ned under eit tynt lag av jord. Dersom frøet får ligge i fred under jorda utan å bli henta eller stole av andre gnagarar, kan plantejobben vere gjort. Får frøet nok vatn, lys og varme, kan ein ny plante vokse opp. Dyr har altså ei viktig rolle i å spreie frøa. Særleg sidan gnagarane hentar frø og lagrar dei under jorda ein annan stad mange gonger før dei brukast til seinare måltid. For planta er desse lagringane er ein god måte å spreie frø på.

– Å forstå pollineringsbiologi, frøspreiing og frøoverleving  er nødvendig for å forstå samanhengane og samansetninga av artar i eit gitt område, forklarar Paulsen. På Balearane finst det ein busk som spreier seg ved hjelp av ei firfisle. Då det vart færre firfisler i området, vart det og færre eksemplar av planten. Ved to av tre lokalitetar står den i fare for å verte utrydda, fortel Paulsen.

Viktig for å kunne forstå naturen
– Dersom ein art går kraftig tilbake i eit område kan det være lurt å undersøke om det har blitt færre smågnagarar eller andre frøspreiarar i området, seier Paulsen.

Paulsen seier at han helst skulle gjort eksperimentet ute i naturen. Men ettersom frøa som vart brukt i eksperimenta ikkje høyrer heime i den norske naturen, kunne ein ikkje risikere å forureine med framande artar.

Høg hamstertrivsel på Instiutt for biologi
– Det kan vere vanskeleg å få dyr til å trivast i laboratorium. Men dyra som var med i vårt forsøk treivst så godt at dei starta å yngle. Vi måtte etter kvart sortere dei etter kjønn, seier Paulsen og ler.

Om to veker skal han levere doktoravhandlinga si. Seinare reknar han med å forske vidare på dyr og frøspreiing.

– Når ein forskar på frø er det lett å tru at alt er forstått og at alt er oppdaga. Då er det veldig kjekt å kunne gjere ein studie som snur opp ned på det ein tidlegare har trudd ein visste om vasstette frø og frøkvile.

 

Powered by Labrador CMS