Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Senter for etter- og vidareutdanning har vore involvert i «The European Thematic Network in University Continuing Education» (THENUCE) sidan nettverket vart oppretta i 1996. Fredag 28. mars var SEVU møtevert for ei undergruppe i nettverket, der ei handbok i etterutdanning vart presentert.
THENUCE er inne i sitt sjuande og siste år som eige prosjekt, og møtet sist fredag var eit slag oppsummering og presentasjon av det konkrete resultatet undergruppa har levert: Ei «Managers´ Handbook» for folk som får i oppgåve å organisere etter- og vidareutdanningstilbod. Danguole Rutkauskiene frå Universitetet i Kaunas, Litauen, har arbeida med å lage ein web-versjon av handboka, og ho gav ein demonstrasjon av oppbygginga og innhaldet. Tematiske nettverk er eit verktøy innanfor Socrates-Erasmus-programmet, og vart skapt for å arbeide med framtidsretta og strategiske spørsmål kring vitskaplege, utdanningsmessige og institusjonsrelaterte tema på dei viktigaste områda innanfor høgare utdanning. Prosjektet THENUCE blir koordinert frå Universitetet i Liège i Belgia, og dekkjer omlag 140 medlemsinstitusjonar frå nærare 28 land. Med denne undersøkinga som utgangspunkt, har nettverket arbeida med underprosjekt som dekker ulike sider av feltet. Moe har mellom anna vore med i den undergruppa som har utvikla «Managers´ Handbook». I tillegg har THENUCE lagt vekt på å opprette senter for koordinering av nasjonale nettverk for etter- og vidareutdanning, primært i det tidlegare Aust-Europa. Prosjektet går no på siste året, og vil mellom anna bli avslutta med ein ny og utvida tilstandsrapport, som denne gongen dekkjer rundt 30 land. Det er på trappene ei tre-årig vidareføring av prosjektet, som vil få eit litt anna fokus, men likevel arbeide i same retning.
Kartleggje europeisk vidareutdanning
– Den første oppgåva til THENUCE var å skaffe ei oversikt over tilstanden på området etter- og vidareutdanning i Europa, seier Frank Moe, kontorsjef ved SEVU og UiB sin kontaktperson i nettverket.
– Ein ville kartleggje tilstanden og følgje med på kva som gjekk føre seg på området. Det resulterte i ein survey som dekka etter- og vidareutdanningstilbodet i 19 europeiske land.
Handbok på nett
– Det er ei praktisk orientert handbok som prøver å imøtekomme dei ulike behova som har kome fram, til dømes slikt som budjettering og økonomistyring, marknadsføring, organisasjon og så vidare, seier Moe, som sjølv har utforma kapitla om marknadsføring og fjernundervising i boka.
– Boka inneheld mellom anna mange «case studies», både dei store og generelle, og dei små og konkrete, som kan vere gode døme på kva som er råd å få til. Opprinneleg var handboka meint å vere eit kommersielt produkt, men det har vist seg vanskeleg å få til. I staden vil ho bli gjort tilgjengeleg på nett, og dessutan på CD. Det er kjekt å kunne presentere eit fysisk produkt som folk kan få i handa, og internett-tilgangen er framleis dårleg mange stader, fortel Moe.
Tilstanden god i Norge
– Det nye prosjektet vil sannsynlegvis bli sett i sving til hausten. Det vil ha meir fokus på dette med nasjonale nettverk, og dessutan arbeide med uformell utdanning, det vi kallar realkompetanse. I samband med dette nye prosjektet, bør handboka kunne utvidast til ein generell nett-ressurs som folk kan nytte etter behov, meiner Moe.
Han trur deltaking i slike nettverk har verdi utover dei reint konkrete resultata nettverka kan vise til.
– Ein får sjå andre har dei same problema som vi har, og det er alltid godt å vite at ein ikkje er åleine om ting. Samstundes ser eg at vi, både her ved UiB og i Norge forøvrig, er rimeleg på høgda når det gjeld innsats innanfor etter- og vidareutdanning. Eit slikt nettverk gjer at det er enklare å halde seg orientert og bli involvert, og innan dette feltet trur eg ikkje vi har noko å skamme oss over.