Handbok skal sikre studiekvalitet

Publisert

I styremøtet 19. februar vedtok Universitetsstyret å bruke den nylaga ”Handbok for kvalitetssikring av universitetsstudia” som grunnlag for å arbeide systematisk med å utvikle kvaliteten i utdanninga.

Utdannings- og forskingsdepartementet krev at utdanningsinstitusjonane har eit kvalitetssikringssystem som kan dokumentere arbeidet med kvalitet i utdanninga. Det er Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) som skal evaluere desse systema.

Årleg utdanningsmelding

Utdanningsutvalet sette i fjor ned ei arbeidsgruppe som skulle sjå på rammer og prinsipp for eit slikt system ved UiB. Gruppa leverte si innstilling i oktober, og handboka er utarbeidd på grunnlag av denne innstillinga. Handboka gjev ein klar systematikk og ansvarsfordeling for kvalitetssikringstiltaka, der kvart fakultet mellom anna skal utarbeide ei årleg ”utdanningsmelding”. Dette skal vere ei samla vurdering av studiekvaliteten ved fakultet, og skal også spore behov som må løysast med hjelp utanfrå. Systemet skal gradvis takast i bruk frå og med inneverande studieår.


Kontinuerleg evaluering

I handboka heiter det at minst ein tredjedel av dei emna som blir underviste til kvar tid, skal gjennomgå ei kontinuerleg evaluering. Den skal innehalde både evaluering av litteratur, studentevaluering og oppfølging frå tidlegare evalueringar, og skal munne ut i ein skriftleg rapport. Dessutan skal studieprogramma evaluerast kvart fjerde år. Som ein hjelp i arbeidet, skal Studentbarometeret og andre trivnadsundersøkingar gjennomførast med jamne mellomrom, slik at ein får kjennskap til studentane sine oppfatningar.

Powered by Labrador CMS