Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Hanne Harlem er tilsett som ny universitetsdirektør ved Universitetet i Oslo. Det avgjorde Universitetsstyret i eit ekstraordinært styremøte tysdag ettermiddag
Harlem kjem frå stillinga som assisterande direktør i Norsk Hydro der ho har vore tilsett sidan februar 2002.
– Dette var ei utfordring som eg ikkje kunne motstå. Det var hyggeleg å bli tilsett og eg gler meg til å byrja, seier Hanne Harlem til Uniforum.
– Det stod faktisk mellom fungerande universitetsdirektør Inger Stray Lien og Hanne Harlem, og difor blei også begge to innstilte frå tilsetjingskomiteen. Dei har heilt forskjellig bakgrunn, men utifrå ei samla vurdering valde me altså å setja Hanne Harlem først av dei to. Stray Lien har gjort ein svært god jobb både i stillinga som fungerande universitetsdirektør og som assisterande universitetsdirektør. Eg vil likevel understreka at det er stor skilnad på å vera universitetsdirektør og assisterande universitetsdirektør, seier rektor Arild Underdal, til avisa
Nyleg blei universitetsdirektør ved NTNU, Vigdis Moe Skarstein, utnemd i statsråd til ny nasjonalbibliotekar. Stillinga som universitetsdirektør ved NTNU skal ikkje lysast ut med det første. Årsaka er at den fremtidige rollen til universitetsdirektøren er usikker etter Ryssedalsinnstillinga. Styret til NTNU har også tidlegare gitt uttrykk for at dei ønskjer bare ei styringslinje på universitetet.
Rektor Eivind Hiis Hauge vil ikkje kommentere til Universitetsavisa kven som vil bli konstituert i stillinga.