Hauge-doktorgrad på medievitskap

Publisert

Knut Olav Åmås biografi om Olav H. Hauge ”Mitt liv var draum” blir doktorgrad ved Informasjons- og medievitskap ved UiB.

– Det er ingenting oppsiktvekkande i at han blir tildelt doktorgraden ved vårt institutt. Ved informasjons- og medievitskap har vi heilt sidan vi vart etablert vore opptekne av klassiske disiplinar og lagt vekt på kulturformidling og retorikk. Vi laga medievitskap slik at vi når som helst skulle kunne skrive om Jan Erik Volds poesi, seier instituttstyrar ved Informasjons- og medievitskap ved UiB, Jostein Gripsrud til På Høyden. Gripsrud strekar under at boka også er eit medium – og faktisk det eldste massemediet vi har.

Redaktør i Samtiden Knut Olav Åmås publiserte hausten 2004 biografien ”Mitt liv var draum” om Olav H. Hauge. Åmås blei oppmoda frå fleire hald om å få vurdert biografien for doktorgraden. Mellom anna skal han ha fått tilbod frå Universitetet i Oslo. Åmås har valt å takke ja til tilbodet frå Informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen. Samtiden-redaktøren har tidlegare tatt hovudfag i filosofi ved UiB.

Kultfigur

Jostein Gripsrud leiar kommisjonen som skal vurdere boka til doktorgraden ved UiB. Han meiner at det er mange ting ved Hauge-biografien som gjer ho interessant for vurdering ved hans institutt.

– Dette er ei interessant avhandling skriven i ein populær sjanger. Vi er interessert i alt som fins av kulturstoff, både smalt og breitt. Eg meiner dessutan at Olav H. Hauge, mellom anna gjennom dyrkinga av han i Profilkretsen, har hatt ein posisjon i den norske populærkulturen, særleg den for mellomklassen, og både høg og låg har forhalde seg til han. Han har hatt eit breitt nedslagsfelt og samstundes vore noko av ein kultfigur, seier Gripsrud.


Meir enn såpeopera

Han seier at dei set pris på at Åmås valgte Bergen og at vurderinga av Åmås`arbeid for doktorgraden også passar godt inn i strategien til Institutt for informasjons- og medievitskap.

– Dei som trur dei har parkert oss som nokon som bare driv med såpeopera og teiknefilmar tek feil, seier Jostein Gripsrud, som legg til at han er svært glad for ordninga der ein kan få noko vurdert for dr.philos graden utan at ein kjem frå ein akademisk posisjon.

Kommisjonen som skal vurdere ”Mitt liv var draum” består av professorane Toril Moi, Idar Stegane og altså Jostein Gripsrud. Dei vil komme med ei innstilling til SV-fakultetet ved UiB i løpet av februar.

Powered by Labrador CMS