Havet er blitt varmare

Publisert

Havet kan lagre enorme mengder varme, og dermed forseinke den globale oppvarminga i atmosfæren. Dei siste femti åra har vi sett ein generell oppvarming av dei store verdshava.

Det kunne leiaren for havklimaavdelinga til det amerikanske National Oceanic and Atmospheric Administration (NOAA), Sydney Levitus, fortelje då han gjesta Bjerknessenteret for klimaforsking denne veka.

Avdelinga hans har samla om lag 7 millionar temperaturprofilar frå havområde over heile verda. Dei syner at dei siste femti åra har om lag 84 prosent av oppvarminga i verda, skjedd i havet.

Havet regulerer varmebalansen

På slutten av femtitalet påpeika forskarar at havet kunne spele den viktigaste rolla i reguleringa av varmebalansen i verda. Ein liten auke i havtemperaturen er resultat av at havet er tilført svært mykje varme, og dette kan gjere at oppvarminga av atmosfæren blir forseinka. Ein temperaturauke på 0,01 grad i havet, svarar til ein auke på 10 grader i atmosfæren.

No har Levitus og kollegaene hans, basert på temperaturprofilar frå alle verdshava, stadfesta at havet er blitt varmare. Temperaturauken i havet er samanfallande med den auken ein forventar ut frå menneskelege utslepp av drivhusgassar, og det aller meste av varmen er lagra i dei øvste vasslaga, frå 0-1000 meter.

– Vi tek til å sjå eit svært konsistent mønster, seier Levitus til På Høyden.

– Ein ser også at havnivået stig som følgje av at vatnet utvidar seg på grunn av varmen, men også som følgje av at isbrear smeltar verda over. Men det er svært store variasjonar som ligg oppå den sterke lineære trenden, og vansken er å skilje dei naturlege variasjonane frå den menneskeskapte oppvarminga. Eg er derimot ikkje i tvil om at havet dei siste femti åra er blitt varmare som følgje av menneskelege utslepp.


Vil utveksle idear

Levitus vitja Bergen for å presentere resultata sine for forskarane ved Bjerknessenteret, og for å lære meir om kva som skjer av forsking her. Under opphaldet heldt han fleire gjesteforelesingar på Bjerknessenteret.

– Vi treng å utveksle vitskaplege idear, og få vite korleis vi kan forbetre våre datasett og våre produkt. Bergen har stort ry mellom hav- og klimaforskarar.

Avdelinga hans samlar inn data om temperatur og salinitet frå forskarmiljø og nasjonale datasenter verda over. I mange land medverkar også marinen til å samle data. Dessutan arbeider ein med å skaffe data frå lenger tilbake i historia. Datamengdene blir stilt til disposisjon for forskarar, og avdelinga utfører dessutan sine eigne analyser.

– Tradisjonelt har det vore vanskeleg å skaffe data frå den sørlege halvkula, men for dei siste 10-15 åra kan vi seie at vi har global dekning. No jobbar vi med å finne eldre data frå den sørlege halvkula, til dømes frå gamle manuskript, og digitalisere dei, fortel han.

– No er det viktig å karakterisere varmeauken i havet meir detaljert, så vi kan få vite meir om korleis dette systemet fungerer.

Powered by Labrador CMS