Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Torny Aarbakke blir ny kommunikasjonsdirektør ved Havforskingsinstituttet (HI).
Torny Aarbakke har tidlegare vore formidlingsdirektør ved UiB. Ho har også vore tilsett ved NHH, Skatteetaten og Forbruker- og administrasjonsdepartementet.
Torny Aarbakke er no kommunikasjonsdirektør ved Konkurransetilsynet, der ho har vore tilsett sidan 2011. Ho var ikkje oppført på den offentlege søkarlista.
– Ei så spennande kommunikasjonsstilling i ein så kompetent og viktig institusjon som Havforskingsinstituttet kjem ikkje ofte. Når eg fekk denne moglegheita måtte eg gripe den, sjølv om eg trivst svært godt i Konkurransetilsynet, seier Torny Aarbakke i ei pressemelding.
Torny Aarbakke har fredag ikkje svart på På Høyden sine forespurnader om å kome i kontakt.