Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
- Sjølvskryt skal ein lytte til for det kjem frå hjartet, men det er ikkje så verst når skrytet kjem frå andre heller, sa dekan ved SV-fakultetet, Alf Erling Risa då alle som har vore involvert i helseøkonomiprogrammet møttest for å feire den gode evalueringa dei har fått.
- Det er ikkje kvar dag ein får høyre at noko ein har jobba med har blitt “spectacularly successful”, sa Risa med adresse til evalueringsrapporten av Program for helseøkonomi i Bergen (HEB). HEB er dei siste fem åra bygd opp frå grunnen av og i evalueringsrapporten fekk dei mykje skryt for å ha satsa på denne strategien. Alf Erling Risa heldt fram HEB som eit lysande døme på samarbeid mellom grunninstitusjonen og randsona.Mellom anna har Rokkan-senteret spela ei viktig rolle som prosjektansvarleg. Bilete nr 1: Alf Erling Risa i samtale med Kåre Rommetveit og forskingskoordinator for HEB; Benedicte Carlsen.
Der nyttar den eksterne evalueringskomiteen mellom anna slike ord i omtalen av bergensmiljøet. Nærare tretti personar frå UiB og NHH har vore involvert i forskinga ved HEB og dei fleste av desse hadde møtt opp til kake, kanapeear og gode ord i 9.etasje i SV-bygget tirsdag ettermiddag. Særskilt vart leiar for HEB, Jan Erik Askildsen, som er professor i sosialøkonomi ved UiB, framheva som ein pådrivar for det no etterkvart ganske store miljøet.
Ein ordre
- Kvifor skulle vi satsa på dette? Ja vi spurte jo oss sjølv om det den gongen for fem år sidan. I utgongspunktet var det noko skepsis til HEB mellom anna fordi det skulle vere lokalisert både på NHH, Nygårdshøgda og Årstad, sa Jan Erik Askildsen. - Dette er ikkje eit spørsmål, men ein ordre, skal dåverande dekan ved SV-fakultetet, Sigmund Grønmo ha sagt, og slik blei det. Grønmo sjølv var tilstades på feiringa av HEB og sa seg smilande enig med Askildsen i at han hadde gått inn for HEB utan atterhald.
- Ein av grunnane til suksessen er at vi stod hardt på at vi ville ha ei tett tilknyting til basismiljøa, sa Askildsen.
Lysande eksempel på samarbeid
- Eg høyrer til dei som ikkje ser nokon motsetnad mellom randsone og grunninsinstitusjon. Dette samarbeidet er her kroppsleggjort gjennom forskingsdirektør ved Rokkansenteret, Kari Tove Elvbakken, sa Risa, som sjølv er styreleiar i HEB.
No håpar alle at HEB får fortsetje som eit førande senter for helseøkonomiforsking. Førebels er det ikkje klart når framtida til programmet blir avgjort, men det kan skje allereie denne veka. Fredag skal representar for HEB på møte i Forskingsrådet, der den eksterne komiteen skal presentere evalueringsrapporten.
På bileta
Bilete nr.2: Jan Erik Askildsen (til venstre) fortalde om bakgrunnen for etableringa av HEB.
Bilete nr.3: HEB-forskarane feira med kake og kanapear på toppen av SV-bygget.
Bilete nr.4: Rokkan-senteret gav eit fat i gåve. - HEB ser ut til å bli varig, og treng noko utstyr, sa Kari Tove Elvbakken.
Bilete nr.5: Kari Tove Elvbakken har kobla universitet og randsone.