Heidra av Kroatias president

Publisert

Professor emeritus Ørjar Øyen vart tirsdag tildelt ordenen Red danice av den kroatiske presidenten for sitt store vitskapelege og kulturelle arbeid i Kroatia.

Gjennom sitt engasjement for Inter-University Centre (IUC) i Dubrovnik har Øyen i over 30 år vore engasjert i internasjonalt forskingssamarbeid i den kroatiske byen. Det har blitt lagt merke til. Og ved ein seremoni i hovudstaden Zagreb tirsdag 8. mars vart Øyen overrekt ordenen ”Red danice” av den kroatiske presidenten Stjepan Mesic.

I grunngivinga heiter det at Øyen får utmerkinga ”for fortenester som fremjer Kroatias internasjonale ståstad og renommé i verda, gjennom vitskapeleg og kulturelt samarbeid, og spesielt hand bidrag til etablering og utvikling av IUC i Dubrovnik”.

Deler heideren

– Eg deler heideren med Universitetet i Bergen og alle eg har samarbeida med i Dubrovnik gjennom alle år. Slik eg ser det, er tildelinga av ordenen eit viktig politisk signal om støtte og verdsetjing av senteret i Dubrovnik, seier Ørjar Øyen til På Høyden.

Øyen har vore professor i sosiologi ved UiB sidan 1968. Han var den første dekanen for Det samfunnsvitskaplege fakultetet og han var rektor for UiB frå 1978 til 1983.

– Takka vere den støtta og oppmuntringa eg har fått frå UiB har eg hatt høve til å legge ned mykje arbeid i organiseringa og drifta av IUC heilt frå grunnlegginga til i dag, seier Øyen.

IUC i Dubrovnik opna dørene i 1971 med Øyen som ein av grunnleggarane. Sidan har han vore direktør i ein lang periode, han har sete i styret og hatt ei rad ulike verv. Senteret har sidan starten vore eit eit knutepunkt for samarbeid mellom universitet og utdanningsinstitusjonar over heile verda. Mange frå UiB, både studentar og lærarar, har besøkt IUC og vore på kurs og konferansar.


Rasert av krig

Dubrovnik vart hardt ramma av krigen på Balkan, og på byrjinga av nittitalet vart IUC-bygninga rasert av serbiske rakettar. Øyen var direktør ved senteret i krigsåra og var med på å halda aktiviteten i gang – med mange kurs i eksil, i andre land..

– Heldigvis hadde vi arkivet vårt i ein del av huset som ikkje vart heilt øydelagt. Men biblioteket gjekk tapt. Så snart det var mogleg, reiste eg ned igjen, fortel Øyen.

Gradvis, etterkvart som situasjonen stabiliserte seg, byrja gjenoppbygginga av huset. I dag er senteret igjen i orden. I 2004 vart det halde 80 kurs og konferansar.

Ordenen som Øyen har fått, ber portrettet til Rudjer Boskovic, født i Dubrovnik i 1711, og eitt av dei store namna i vitskapshistoria.

Powered by Labrador CMS