Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Den norske ambassaden i Paris gjorde stas på Julia Kristeva. Kristeva svarte med å trekkje fram sitt slektskap med Ludvig Holberg.
3. desember kjem Kristeva til Bergen for å motta Ludvig Holbergs Minnepris. Som Holberg gjorde på 1700-talet, har også Kristeva markert seg som radikal nedbrytar av konvensjonar og intellektuelle stengslar og barrierer. Begge har skrive både akademiske verk og skjønnlitteratur. Rektor ved Universitetet i Bergen, Kirst Koch Christensen, slo i si helsing under mottakinga i Paris fast at Kristeva vil byggje opp prestisjen rundt prisen:
Franske, norske og amerikanske kolleger, vennar, diplomatar og representantar frå Universitetet i Bergen (UiB) var samla til ei første høgtideleg markering i Paris tirsdag 2. november til ære for den første mottakaren av Ludvig Holbergs Minnepris, professor Julia Kristeva.
Adoptert av USA
– Korleis kan eg unngå å kjenne meg igjen? konkluderte Kristeva.
Også vandringa over geografiske landegrenser har dei to tenkarane felles.
– Ved å gi prisen til meg, har juryen valt å verdsetje ein europeisk borgar av fransk nasjonalitet, bulgarsk opphav, adoptert av USA. Eg ser dette valet – som eg er frista til å kalle nomadisk – i samsvar med Ludvig Holbergs ånd, sa Kristeva.
Hevar prestisjen
– Utdelinga av Holbergprisen 2004 er den første i rekka av det vi håpar skal bli ein internasjonalt kjent og respektert forskingspris. Tildelinga av prisen til Julia Kristeva er ein svært god start på etableringa av prisen.
Prisvinnaren er i dag direktør for Institutt for tekst- og dokumentvitskap ved Paris’ 7. universitet. I tillegg praktiserer ho som psykoanalytikar. Ho har gitt ut meir enn 20 bøker og har hatt stor internasjonal innverknad på ei rad fagfelt innan humaniora og samfunnsvitskap gjennom meir enn 30 år.