Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Uni Research er skuffa etter at det nye oljesenteret hamna i Stavanger. – Me held fram på same nivå som i fjor. Men hadde me fått senteret, hadde det betydd langsiktige pengar, seier Uni Research-direktør Aina Berg.
Fredag vart det kjent at det nye forskingssenteret for auka oljeutvinning vert lagt til Universitetet i Stavanger. UiB søkte òg, saman med Uni Research. – Det er klart at me er skuffa. Me har visst om senteret i halvanna år, og mange har jobba hardt med å senda inn ein søknad me var svært nøgde med, seier Aina Berg, administrerande direktør i Uni Research. Det var Uni Research som stod som vertskap for senteret i Bergen. Forskingskronene skulle delast likt mellom dei og UiB, og i tillegg var NHH og CMR med i mindre grad. Vil ha meir samarbeid – Nei, det veit me ikkje. Men me plar få ei grunngiving, og ventar no på den. Me vil sjå på om det er noko me kan læra, seier Berg. Ho seier at å kopla Uni Research med både UiB, NHH og CMR er ein ny måte å tenkja på, og noko ein vil ta med seg vidare i framtidige prosjekt. Berg har understreka, seinast då kunnskapsminister Kristin Halvorsen var i Bergen førre veke, at Uni Research må jobba hardt for kvar krone dei får inn. Selskapet får ikkje basisløyvingar frå staten. – Dersom me hadde fått dette senteret hadde me hatt langsiktige pengar. Gjennom Uni CIPR har me allereie eit kvalitetsstempel innan oljeforsking, men no kunne me fått fornya det, seier Berg. – Kva konsekvensar får det for dei tilsette? – At me ikkje får senteret, betyr ikkje at me ikkje kan halda fram med forsking på dette feltet. Me er på same nivå som i fjor, som var det siste året Uni CIPR hadde status som Senter for framifrå forsking. Det er ikkje snakk om at me må seia opp tilsette. Me må stå på og søkja om midlar, både frå forskingsrådet og frå industrien, seier Berg. UiB-rektor Dag Rune Olsen og Helge K. Dahle, dekan ved Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet, seier til Bergens Tidende at dei er skuffa. Dahle seier òg at han håpar at UiB sine miljø kan samarbeida med det nye senteret i Stavanger. Uni CIPR hadde SFF-status fram til 2012. Håpet var at det nye senteret skulle gi oljeforskinga i Bergen langsiktige pengar i nokre år til. Foto: Ida W. Bergstrøm Femti millionar frå staten Senteret skal utvikla kunnskap og teknologi for å auka utvinningsgrada ut over det som ligg i dei vedtekne planene for drift av felta. – Ein auke i utvinningsgrada på berre ein prosent vil med dagens oljepris gi ei ekstra bruttoinntekt på 300 milliardar, seier olje- og energiminister Ola Borten Moe i ei pressemelding.
– Veit de kvifor senteret hamna i Stavanger?
Senteret får ti millionar kroner frå Olje- og energidepartementet kvart år i fem år. I tillegg skal industrien bidra.