Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Torsdag 3. juni var Fana folkehøgskole dominert av solbriller, blomekransar og hawaii-skjorter. Nokre delte ut namneskilt, andre prøvde fortvila å skaffe hundre kilo reker til kveldens fest. Mykje skal organiserast når heile Institutt for biologi dreg på bli-kjend-utflukt.
Ved årsskiftet vart Botanisk institutt, Zoologisk institutt, Institutt for mikrobiologi og Institutt for fiskeri- og marinbiologi slått saman til eitt stort Institutt for biologi. Det nye instituttet er det største ved UiB, og dei tilsette har framleis kontora sine på ulike stader i påvente av samlokalisering på Marineholmen. – Det har vore mykje skepsis til samanslåinga, mange har meint at dei hadde det bra som det var. Vi ville prøve å skape ei meir positiv stemning. Dessutan er det få som har oversyn over kva som skjer på dei andre delane av instituttet. Vi trur heller ikkje forskinga blir bra dersom ikkje det sosiale er bra. Så fekk vi ideen til ein slik dag som dette, med ein fagleg bolk der alle dei nye forskargruppene kan presentere seg sjølve og forskinga si, og ein sosial del med aktivitetar, middag og dans etterpå, sa Egge. Stipendiat Kari Nordvik frå gruppa for skjelettforsking, måtte køyre ein animasjon av ein fiskeryggkvervel heile tre gonger, fordi ”det er så fantastisk”. Trass i at dagen inneheldt kring 15 presentasjonar, var det likevel rikeleg tid til kaffi, lunsj og spaserturar i arboretet. Hageanlegget vart også teke i bruk til aktivitetar før middagen.
– Mange av oss kjem til å sitte på ulike bygg dei neste to åra, og ha lite dagleg fellesskap. Difor tok vi initiativ til dette samansveisingsseminaret. Vi trur det er viktig for at instituttet skal kjenne seg som ein einskap, fortalde førsteamanuensis Jorun Egge.
Saman med forskar Anne Christine Utne Palm, postdoc Aud Larsen og overingeniør Arild Breistøl har ho ansvaret for at mesteparten av dei tilsette ved instituttet, og nokre studentar, torsdag sat i solveggen på Fana folkehøgskole og naut kaffien framfor å vere på laboratoria og kontora sine. Etter grundige studium av reklame for ulike naturprodukt, hadde seminaret fått namnet BIO+, i von om at dei positive effektane frå reklamen ville følgje med på kjøpet.
Vil skape positiv stemning
Kring 200 tilsette og hovudfagsstudentar deltok på samlinga. Sidan det er vel kjend at forskarar ikkje får gjort noko før dei har konsumert den første morgonkaffien, starta dagen med kaffipause rett etter framkomst på Milde. Etterpå benka deltakarane seg i gymnastikksalen for å få faglege, men uhøgtidlege, presentasjonar frå forskargruppene. Publikum vart oppmoda om å ta spørsmåla andlet til andlet i pausane, og det vart nok knytt fleire faglege og sosiale kontaktar på den måten. Det var dei yngste forskarane som hadde fått oppdraget med å presentere gruppene, og arrangørane la vekt på at det var eit medvite val.
– Dei gamle tråvarane veit alle kven er. Men det er jo dei unge som skal ta over styringa i framtida. Dessutan legg dei gjerne litt meir i førebuingane, dei leitar ikkje berre fram noko frå i fjor. Vi merkar at foredragshaldarane er engasjerte, og då får ein som oftast dei beste foredraga. Folk har kome til oss i dag og sagt at det er kjekt å høyre på dei, og at innhaldet er lagt på eit nivå alle kan følgje, opplyste Egge.
Teater og laus snipp
– Den kvervelen vi ser her, er om lag 1 millimeter frå topp til botn, heile fisken er om lag fire centimeter lang. Så det er smått, men det er flott! forsikra ho til eit smilande publikum.
Dei fleste forskarane hadde ein laus snipp i framføringa, men det kanskje sprekaste foredraget var det gruppa for ekstremofile mikroorganismar som sto for. Gruppa var representert ved stipendiat Håkon Dale og hovudfagsstudent Frøydis Garshol, og dei hadde laga ei framsyning i beste kose-dagsrevy-stil, der dei tok for seg mikrobielt liv ved ekstreme temperaturar.
– Slike tilhøve finn vi djupt nede i det indre av jorda. Her finst ei verd der sola ikkje er den primære energikjelda, men der ein i staden må ete gassar frå djupet for å overleve. Dette høyrest jo veldig spennande ut, Frøydis?
– Det har du heilt rett i, Håkon. Det vi gjer, er å leite etter skattar i oljereservoar. Vi har isolert nokre organismar, og trur at det er mange andre, ukjende organismar der nede.
– Akk ja. Den dagen vi greier å finne nokre av desse mikroorganismane, Frøydis, det vil bli ein glederik dag!
Viktig med initiativ nedanfrå
– Det som tidlegare var Botanisk institutt er jo nært knytt opp mot arboretet og botanisk hage, så vi tykte det var naturleg å ha arrangementet her, sa Egge, som meinte det var nødvendig at initiativet til samlinga kom frå forskarane sjølve, og ikkje frå administrasjonen.
– Og så skal vi jo heller ikkje underslå at vi ofte ser etter eit høve til å ta ein fest, la Aud Larsen smilande til.
Arrangementskomiteen vona at andre vil ta opp tråden, slik at fagleg-sosiale samlingar kan bli ein tradisjon ved instituttet.