Student Silje Skjelsvik med listene som viser at 619 studentar og tilsette har signert oppropet som tek til orde for kutt i flyreisene. Listene vart overrekt til rektor Dag Rune Olsen torsdag morgon. Til høgre professor Helge Drange. Foto: Hilde Kristin Strand

Klimanøytralt UiB: — Det finst mange aude plassar på Vestlandet ein kan reisa til

Reising som ikkje er ein direkte del av fagleg verksemd bør kuttast, meiner styrerepresentant Sofie Marhaug.

Publisert

Det kan verta dyrt å fly ved UiB. I universitetsstyresaka som skal drøftast torsdag, om eit klimanøytralt UiB, vert det føreslege at ein må bidra til eit klimafond når ein reiser med fly. Kor mykje ein må betala er avhengig av både kor langt ein skal fly, og kor store kutta i klimagassutsleppa skal vera. Dette er det universitetsstyret som skal ta stilling til. Makspris er føreslege til 9 000 kroner for kvar reise som går utanfor Europa.

Klima i akademia

Klimaoppropet ved UiB er ein underskriftkampanje starta av tilsette ved UiB. Målet er å få universitetet til å halvere utslepp frå flyreiser innan 2025.

Ved Universitetet i Oslo har eit liknande opprop samla meir enn 600 underskrifter. Også i andre land, blant anna Danmark har akademikarar starta kampanjar.

NTNU har lansert Reiseløftet, som blir kalla «tidenes reiseutfordring» for å få heile universitetet til å reise mindre og meir miljøvennleg.

Både UiB, NTNU og UiO skal før sommaren legge fram detaljerte klimarekneskap der utslepp frå flyreiser er inkludert. Det er venta at det vil bli innført reguleringar for å redusere talet på flyreiser. Jobbreiser med fly er den klart største kjelda til klimagassutslepp frå universiteta.

— Ein må definitivt fly mindre, seier universitetsstyrerepresentant Sofie Marhaug.

— Ja, som universitet må ein jobba internasjonalt, men eg meiner ein må vera ekstra streng med dei reisene som ikkje er heilt naudsynte, seier ho.

— Ein må bruka meir digitale møteverktøy, som skype. Og skal ein på møte i Oslo, kan ein ta tog. Det treng ikkje stela tid, ein kan ta nattog.

Reiste ikkje til Boston

På Høyden har tidlegare skrive mykje om klima og om UiB-tilsette sine flyreiser: Rektor Dag Rune Olsen flyr definitivt mest både samanlikna med resten av UiB og resten av sektoren. Nyleg var universitetsstyret og deler av UiB-leiinga i Boston, og fleire fakultet og einingar har sendt tilsette på ymse seminar i utlandet så langt i år.

Det er slike seminar Marhaug meiner det bør verta slutt på. Sjølv var ho ikkje med til Boston.

— Eg meiner at ein bør kutta flyreiser som ikkje går direkte inn i den faglege verksemda. Eg ser absolutt verdien av å koma seg vekk saman, men det er mange aude plassar på Vestlandet ein kan reisa til, seier ho.

Vil krevja inngrep

Det er ein breitt samansett komité som har sett på korleis UiB kan verta klimanøytralt. Omgrepet «klimanøytralt» er forstått slik FN definerer det: Klimapåverknad skal verta kartlagt og rapportert om, det skal leggast ein plan for reduksjon av klimagassutslepp, og verksemda må kjøpa sertifiserte kvotar for å kompensera for restutsleppa.

I saksframstillinga heiter det at UiB allereie har gjort mykje for å redusera klimapåverknaden sin. Men det som er gjort stå langt, er i hovudsak knytt til drift. «Vidare arbeid med å redusere UiB sitt klimaavtrykk vil krevje større inngrep i arbeidskvardagen og studiekvardagen til dei tilsette og til studentane. Det er difor ønskjeleg å få innspel frå styret på ambisjonsnivå opp mot dei dilemmaa som reduksjon på ulike område vil medføre for tilsette og studentar», heiter det.

Ein må definitivt fly mindre.

Sofie Marhaug

I tillegg til flyreiser er areal nemnt i rapporten. Det vert mellom anna føreslege at lesesalar og laboratorium kan ha redusert opningstid, for å kutta energiforbruk.

Ikkje alltid tog

Rapporten peikar på nokre dilemma. Kva dersom heile sektoren skal møtast fysisk, til dømes gjennom UHR. Skal UiB då ikkje vera med? Og tog tek lenger tid enn fly. Bør ein alltid velja tog likevel?

— Nei, meiner Jørgen Melve.

Han sit òg i universitetsstyret.

— Sjølv tek eg ikkje tog til Oslo. Det handlar om familiære omsyn, og det er noko som gjeld mange UiB-tilsette. For meg er det viktig å kunne levera i barnehagen og så reisa til Oslo, dersom det passar slik. I tillegg er møtetidene ofte elendig tilpassa NSB sine ruter, ein kjem fram mange timar for tidleg, og så rekk ein ikkje ettermiddagstoget og må ta nattog heim. Då har ein brukt ganske mange timar på dette eine møtet.

Dersom målet med reisa berre hadde vore å snakka med oss sjølve, hadde det vore heilt meiningslaust.

Jørgen Melve

Men det ein bør verta flinkare til, meiner Melve, er å prøva å ha fleire møte samstundes når ein først reiser. Han meiner òg at videokonferanse og skype kan nyttast i langt større grad enn i dag.

— Du var med til Boston. Er det ei reise ein kan forsvara?

— Ja, det meiner eg ein kan. Poenget med denne reisa var å besøka institusjonar som er ein fysisk stad, og me hadde mange møte som hadde vore vanskeleg å gjennomføra på til dømes skype. Men dersom målet med reisa berre hadde vore å snakka med oss sjølve, hadde det vore heilt meiningslaust.

Tore Furevik er direktør for Bjerknessenteret. Han har site i gruppa som har laga rapporten.

— Eg trur det er aksept for blant folk flest for at ein må kutta utsleppa dersom ein skal nå klimamåla, og universiteta og forskingsmiljøa må òg ta dette innover seg. Alle kan finna argument for kvifor akkurat dei ikkje skal verta råka av utsleppskutt. Og eg trur alle, dersom dei tenkjer seg om, ser at dei har gjennomført flyreiser dei ikkje hadde trengt, seier han til Forskerforum.

Helge Bjørlo, Silje Skjelsvik, Ida Fauskanger og Helge Drange leverte underskriftslister til UiB-rektoren torsdag morgon. Foto: Hilde Kristin Strand

600 underskrifter

Helge Drange er òg professor og klimaforskar. Frå å reisa svært mykje i jobbsamanheng, har han kutta kraftig ned. No tek han helst ikkje meir enn ei jobbreise til Europa i året.

— Eg er med i eit EU-prosjekt, og me har skype-møte kvar månad. I tillegg treffest me ein gong i året, seier Drange til På Høyden.

Torsdag morgon, berre nokre timar før universitetsstyret skal ha møte, møtte Drange saman med fleire andre frå aksjonsgruppa rektor Dag Rune Olsen. Som På Høyden tidlegare har skrive, er Drange blant dei tilsette som frontar eit klimaopprop, der tilsette tek til orde for at ein må kutta i flyreisene. Oppropet har no fått 600 underskrifter.

— Me er nøgde med det, men samstundes har UiB 3 500 tilsette og 17 000 studentar, kommenterer Drange.

Klimaforskaren meiner ikkje at ein skal kutta all verksemd, og han er oppteken av at studentane ikkje skal verta skadelidande: Det må til dømes vera rom for å reisa på feltarbeid.

— Det handlar ikkje om at ein skal isolera seg. Men det er heller ikkje ein konkurranse om å finna orsakingar for å gjennomføra flyreiser som eigentleg er unødvendige, seier Drange.

Powered by Labrador CMS