Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Visedekan ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet, Helge K. Dahle, blei i dag tilsett som ny dekan.
På universitetsstyremøtet på Solstrand i dag blei Helge K. Dahle formelt tilsett som dekan ved mat.nat. Den nye dekanen er professor ved Matematisk institutt og og kjem frå stillinga som visedekan ved mat.nat. Tøff konkurranse Ville hatt fleire søkjarar – Så viktige stillingar som dekanstillingar må lysast ut på ein slik måte at ein kan profilera UiB som eit anerkjent forskingsuniversitet. Det er òg mogleg å lysa slike stillingar ut internasjonalt, seier Gry Kibsgaard, som representerer gruppe C i universitetsstyret. Kibsgaard seier til På Høyden at ho kunne tenkt seg eit breiare tilfang av søkjarar. – Men det påverka ikkje standpunktet mitt i saka. Alt i alt var dette eit godt vedtak, seier Kibsgaard. Ho meiner likevel at ein kan sjå på framgangsmåten i slike tilsetjingssaker ein gong til. Ny dekan på MOF Geir Anton Johansen, instututtleiar ved Institutt for fysikk og teknologi, vart innstilt som nummer to til dekanjobben på mat.nat. Anne Gro Vea Salvanes, professor ved Institutt for biologi, var den tredje kandidaten som var til førstegangsintervju.
– Eg har arbeidd som visedekan i tre år. I denne tida har eg samarbeida godt med Dag Rune, og arbeidet har vore veldig spennande. Eg er godt motivert for å søke i denne jobben. Samtidig ser eg at det er veldig tunge søkarar til denne jobben. Så det er ein tøff konkurranse, sa Helge K. Dahle til På Høyden då det vart klart at han var blant søkjarane.
Fleire har vore kritiske til tilsetjingsprosessen. Kritikken handla i hovudsak om at søknadsfristen var kort og at tida før styremøtet var knapp. Fleire meinte òg at avtroppande rektor ikkje burde vera den som skulle tilsetja.
Det vart òg tilsett ny dekan ved Det medisinsk-odontologiske fakultetet. Universitetstyret tilsette Nina Langeland. Ho har vore dekan dei siste fire åra, og var den einaste søkjaren til stilinga.