Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
I Noreg kjenner ein til meir enn 1100 stader der det finst helleristningar. No er bergkunsten vår presentert i eit nytt bokverk.
Bergkunst er ikkje lett å datere, men i Noreg er helleristningane hovudsakleg knytt til steinalder og bronsealder. Dateringsmetodane inkluderer stilstudiar, studiar av strandliner som fortel korleis landet heva seg or havet etter istida, og samanlikning med gjenstandar frå til dømes gravfunn. Helleristningane blir gjerne inndelte i veideristingar og jordbruksristingar. Veideristingar er avbildingar av dyr, ofte storvilt, og er knytt til eit jeger- og sankarsamfunn i steinalderen. Jordbruksristingane er gjerne blitt oppfatta som uttrykk for ein fruktbarheitskultus, som skulle auke utbytet frå åker og husdyr. I dag studerer ein bergkunsten i samanheng med mange faktorar, som økonomiske og sosiale tilhøve, landskap, vegetasjon, eigenskapar ved berget, og andre funn som kan vere gjort i nærleiken.
– Det har vore forska mykje på dateringsmetodar og på tolking av bergkunsten, og vi meinte det var på tide å oppsummere og presentere ein del av dei teoriane som finst. I tillegg er bergkunsten utsett for skade og nedbryting, og vi veit ikkje kor lenge det vil vere råd å bevare helleristningane. Boka er eit forsøk på å skape forståing for at dette er noko vi må prøve å ta vare på, seier professor i arkeologi, Gro Mandt, som har skrive boka “Bergkunst - helleristningar i Noreg” saman med forskar Trond Lødøen.
– Det er eit press frå turistindustrien for å få tilgang til hellesristningsområda, og det er stor interesse i lokalmiljøa for å legge helleristningsfelt til rette for publikum. Vi er opptekne av at då må ein også følgje opp og passe på at bergkunsten ikkje tek skade, seier ho.
Utstilling om bergkunst
Boka gjev eit oversyn over område med store konsentrasjonar av helleristningar, og er redigert etter geografisk plassering, frå verdsarvområdet i Alta til Skjeberg i Østfold.
Forfattarane presenterte boka på eit arrangement på Dei kulturhistoriske samlingane ved Bergen museum. Samstundes vart det opna ei plakatutstilling med bergkunstfoto, og ein presentasjon av Riksantikvaren sitt bergkunstprosjekt, som arbeider for å sikre dei mest utsette bergkunstlokalitetane i landet. Utstillinga kan sjåast fram til hausten.