Pål Halle Johnsen og Mikael R. Hedne er misnøgde over at fagutvala til studentane ikkje er høyrde så langt i helseklynge-saka

Psykologstudentar krev å bli involvert i helseklyngesaka

Publisert

Det psykologiske fakultetet involverer ikkje studentane slik lova krev, meiner studentane

– Eg trur fakultetet kunne spart seg mykje uvilje ved å inkludere studentane tidlegare.

Det seier Pål Halle Johnsen, som er psykologistudent på femte året av profesjonsstudiet, og medlem av fagtutvalet for profesjonsstudiet ved Det psykologiske fakultetet.
Møtte dekanen
Først i går hadde studentane møte med dekan Jarle Eid om saka. Der informerte studentane om kva forventningar dei har til ei eventuell flytting til den planlagde helseklynga på Årstadvollen.

– Vi presenterte det vi meiner er minimumskrav til ei flytting, og fekk stadfesta at fakultetsleiinga stort sett er einig i desse, seier Johnsen til På Høyden.

Fagutvalet for profesjonsutdanninga stiller seg positive til flytting, men berre dersom tilhøva for studentar blir like bra eller betre i det nye bygget, som skal reisast der det gamle odontologibygget står i dag.

Vil helst vere samla
Både studentar og tilsette har vore særleg opptekne av at dei forlet sin største samarbeidspartner, Institutt for samfunnspsykologi, ved å flytte til Årstadvollen. Så langt ser det òg ut som om studentane får dårlegare tilhøve ved ei flytting, då det så langt ikkje er funne plass til team-kontor for studentane i klinisk praksis, der dei fritt kan jobbe med journalar, videoopptak og andre arbeidsprosessar som krev særleg varsemd for ikkje å bryte den strenge teieplikta for helsepersonell.

– Vi har ein grunntake om at det hadde vore bra å halde psykologmiljøet samla. Men om det først skal splittast, er det viktig å få gode rammevilkår, seier Johnsen.

Ikkje høyrde
Mikael R. Hedne går på masterstudiet i psykologi, og leiar fagutvalet der, i tillegg til å sitje i hovudstyret til Psykologisk studentforening ved UiB. Studentane er overraska over at fakultetet ikkje har inkludert dei i prosessen så langt.

– Det gir grunn til bekymring at studentane ikkje er høyrde i aktuelle organ, som her er fagutvala på profesjonsstudiet og Hemil-senteret, seier Hedne, og viser til universitets- og høyskoleloven § 4.1.

Den seier at for å sikre ei forsvarleg sakshandsaming krev lova at «Studentorganene skal høres i alle saker som angår studentene på det aktuelle nivå.»  Ved klare brot på dette kravet vil eit vedtak kunne vere ugyldig på grunn av mangelfull sakshandsaming, heiter det i Jan Fridthjof Bernts kommentarutgåve om universitets- og høyskoleloven.

Hedne understrekar likevel at studentane er løysingsorienterte.
– Det vi alle vil her er få finne løysingar som kan vere alle til gode. 

Powered by Labrador CMS