Tre fløyar knytt saman av ein akse langs Årstadveien kan erstatte det gamle odontologbygget. Men teikningane er ikkje ferdige. Skisse: b+b arkitekter AS

Helseklynge må gå til psykolog

Publisert

Om helseklynga i Bergen skal bli eit «internasjonalt kraftsentrum» må dei kanskje starte hos psykolog.

Arbeidet med helseklynga på Årstadvollen er i full gang: I første byggetrinn, som skal reisast der gamle Odontologen står i dag, har ein allereie byrja å diskutere innreiinga. Inkludert kor mange som skal sitje på cellekontor, og kor mange i ope landskap.

For å løfte blikket litt frå kontorpulten arrangerte Eigedomsavdelinga mini-seminar om prosjektet i førre veke.

Kaffibar er ikkje nok
– Det hjelper ikkje berre å opprette kaffibarar og håpe at det skal bli eit internasjonalt kraftsentrum.

Marlene Dahle (biletet) er dagleg leiar i Mellomrom arkitekturpsykologi AS. Ho åtvarar mot tomme ord i samlokaliseringsprosessar:

– Det er viktig å forstå organisasjonen for å finne korleis ein skaper gode møteplassar. Skal ein sjå på heile klynga som ein møteplass? Skal alle organisasjonane få tilgang til alle bygga fritt? Kva skal til for å skape det klyngesamfunnet ein ønskjer, og oppnå dei måla ein har sett for klynga: Innovasjon og samhandling. Dei kan vere veldig tomme ord.

Viktigare enn sjølve bygga er korleis ein organiserer det som er inni dei, meiner Dahle.

– Dette er i like stor grad eit organisasjonsprosjekt som eit byggeprosjekt. Det organisatoriske er ein mykje lengre prosess. Å skape eit samfunn med ein felles identitet er ikkje så lett. For mange forskarar er det vanskeleg til og med å samhandle innad i organisasjonen. Det blir enormt store endringar for organisasjonane som skal inn, seier ho.

Korleis studentane på helsefag skal koplast på det heile er òg eit viktig spørsmål.

Gratis øl – eller éin do
Det er ulike måtar å få folk til å møtast på, både formelle og uformelle. I konseptet WeWork, der dei leiger ut kontorplass til mange ulike selskap, bruker dei gratis øl som eit middel for å få folk til å sosialisere. Å skape gode møteplassar er ofte sentralt.

Christine Grape frå Grape Architects AS har vore på studietur til USA for å sjå på vellukka klyngearkitektur, mellom anna for å sjå på Apple-hovudkvarteret. Og det er ulike tankar om det å skape møteplassar:

– Steve Jobs ville at det berre skulle vere toalett ein stad i bygget. Han var veldig opptatt av at folk skulle bevege seg, fortel Grape.

På Massachusets Institute of Technology (MIT) har dei i fleire tiår hatt MIT Media Lab, der målet er å forske på løysingar for framtida i ein antidisiplinær kultur, og med svært ulike fag knytt til dei mange forskingsgruppene i prosjektet. Slike prosjekt kan vere ein inspirasjon for dei som planlegg klynger, meiner Grape.

– Og det er utruleg viktig at ein har personar i slike prosessar som brenn for noko og trur på det, seier ho.

Teiknar skisser
Prosjektet er no på skissestadiet, og arkitekt Bjørn Ivar Heggelund ved b+b arkitekter AS kunne i førre veke presentere nokre utkast til korleis byggetrinn 1 kan bli. Bygget er tenkt som eit langt bygg langs Årstadveien, mens det mot villaene på baksida blir brote opp med tre fløyer.

Fellesareal, der folk kan møtast, er tenkt i aksen parallelt med vegen, mens det blir arbeids- og studieplassar i fløyene.

– Prosjektet er under utvikling, og vi ender truleg ikkje opp med desse eksakte formene. Men forhåpentlegvis noko som liknar, og er endå litt finare, seier han.

Full kontroll
MOF-dekan Nina Langeland meiner at dei har det meste under kontroll:

– Vi starta ikkje med eit bygg, men med eit ønskje å samarbeid. Vi er tre-fire organisasjonar som vil bli tettare på kvarandre. Og den viktigaste partneren vi treng å vere tett på framover er Bergen kommune. Her treng vi kvarandre, for vi klarer det ikkje aleine, seier Langeland.

Både ho og psykologi-dekan Jarle Eid har ivra for at UiB burde slå seg saman med Høgskulen i Bergen, og lage eitt, stort helsefagleg miljø. Men begge avviser ideen om å slå saman dei to fakulteta til eitt, stort fakultet. 

Powered by Labrador CMS