Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Kunnskapsminister Henrik Asheim hadde bakoversveis då han dro frå Media City Bergen.
Asheim er vikar for Torbjørn Røe Isaksen i to månader i haust. Han bruke noko av tida til å gjere seg kjent med sektoren. På kort varsel kom han torsdag til Bergen for å sjå den nye medieklynga samt nybygget til Fakultetet for kunst, musikk og design. Men det var nok studentane som imponerte 34-åringen mest.
Nokre av mediestudentane har brukt AR-briller (augmented reality) for å sjå kva som kan vere mulege grensesnitt i framtida. Med AR-briller kan ein plassere virtuelle objekt i rommet, slik at dei blir litt som eit hologram som ligg oppå det verkelege biletet.
– Dette er helt konge! Du ønsker at du var 22 år og kunne velje utdanning på nytt, seier Asheim til På Høyden etter å ha sett inn i det som kan bli eit kontor i framtida.
Universitetet i Bergen har satsa friskt i den nye medieklynga, og endra studieprogram frå meir tradisjonell journalistutdanning til meir teknologiretta fag som medie- og interaksjonsdesign.
Audun Klyve Gulbrandsen og dei andre studentane hadde i dette tilfellet sett på korleis Microsofts AR-briller HoloLens kan brukast til å erstatte skjermar, slik at du til dømes kan ta med deg alle skjermane du har på kontoret når du har heimekontor.
– Dette er ein prototype på korleis det vil sjå ut. Det er veldig mange spennande applikasjonar dette kan brukast til, forklarer professor Lars Nyre.
Medieklynga i Media City Bergen gjer både utdanninga og forskinga næringsnær, men Asheim understrekar kor viktig det er at akademia òg bidreg med refleksjon og andre tankar inn mot næringslivet.
– Utdanninga skal ikkje berre produsere kandidatar til arbeidslivet, seier han.