Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
På Høyden skreiv om besøksrekord med over 2 300 besøkande den første helga etter at Universitetsmuseet sine naturhistoriske samlingar igjen opna for publikum. Men dette var ikkje dei einaste dagane ein måtte stå i kø dersom ein ville inn og sjå det nye, gamle museet.
UiB Aktuelt skriv at allereie to veker etter nyopninga har besøkstalet nådd 15 000. Mange har stått i kø ei heil stund før dei har fått koma inn og sjå. Av omsyn til tryggleiken kan det ikkje vera meir enn 700 besøkande i bygget samstundes, og midt på dagen i helgene har ventetida vore nærare ein time.
Eli Hausken er hussjef, og fortalde etter den første opningshelga om lett kaos. Då var det tusen menneske som ville inn på ein gong. Ho tilrår å koma seint på dag dersom ein har høve til det.
— Etter klokka 14.30 søndag hadde me ingen kø, sa Hausken.
Museumsdirektør Henrik von Achen seier at besøkstala er meir enn ein hadde håpa på.
— Me hadde høge forventingar, for me veit at dette er noko mange har venta på, seier han til UiB Aktuelt.
Kari Aarrestad, som leiar formidlingsavdelinga ved museet, seier at mange av dei besøkjande er glade for gjensynet med kvalsalen og mange av dyra. Mange seier òg at dei er glade for at bygget er teke så godt vare på.