Her er nye På Høyden

På Høyden har fått sin fulle fridom, ny redaktør og snart nye journalistar. Mykje vil skje med UiBs avis framover.

1. juni fekk På Høyden ny redaktør, då underteikna, Dag Hellesund (39), tok over. Frå same dato gjeld redaktørplakaten.

Dermed har avisa fått ei endå friare stilling til å drive open debatt og kritisk journalistikk om alt som skjer på UiB.

Utvikling
Dei to journalistane, Hilde Kristin Strand og Ida Wevling Bergstrøm, byrjar i På Høyden etter sommaren, og gler seg stort til oppgåva. Som lesar vil du oppleve ei positiv utvikling i avisa framover. Vi jobbar med å få heilt ny design, og publiseringssystemet skal skiftast ut.

Redaksjonen og styret skal saman leggje ein ny strategi for avisa, og denne prosessen vil skje i august og september. Fram til då vil På Høyden fungere omtrent som i dag, sjølv om staben er redusert gjennom sommaren. Vi ønskjer å lage ei avis som blir lest, og som speglar UiB på godt og vondt. Vi ønskjer oss heile tida tilbakemeldingar, tips og råd på det vi gjer. Send dei til dag.hellesund@adm.uib.no eller nettavisen@uib.no.

Ida Wevling Bergstrøm (33), Dag Hellesund (39) og Hilde Kristin Strand (30) er ikkje mindre smålåtne at dei har sett seg som mål å etterkvart gje deg den beste universitetsavisa i landet. 

Best i landet
Avisa får òg nye lokaler i andre etasje i Vektertorget, i staden for eit kontor inne på Kommunikasjonsavdelinga, der du finn oss i dag. Dette er gjort for å markere at På Høyden heretter er ei frittståande, eiga eining.

På Høyden er organisert gjennom eit eige styre, leia av Stein Kuhnle.

- Vi er glade for at reorganiseringa av På Høyden no er på plass, og ser med med forventing og spaning fram til utviklinga På Høyden skal gjennom.

Kuhnle er særleg glad for at redaksjonen er så lite smålåtne at dei har sett seg som mål å lage den framste universitetsavisa i landet.

Her er nye På Høyden

Journalist Hilde Kristin Strand (30) har mastergrad i nordisk frå UiB, i tillegg til mellom anna journalistutdanning frå Høgskulen i Volda. Hilde er ein erfaren lokalavisjournalist, som kjem frå stillinga som nyheitsleiar i Askøyværingen.

Journalist Ida Wevling Bergstrøm (33) er tilbake i Bergen etter ein del år i Oslo, der ho har jobba i fleire av nettavisene til Aller-konsernet. Ho er høgskolekandidat i journalistikk frå Høgskolen i Oslo, og har ein bachelor i kultur- og samfunnsvitskap frå UiB.

Redaktør Dag Hellesund (39) har rundt 15 års erfaring som journalist og redaktør, og fransk og samanliknande politikk frå UiB. I tillegg har han journalistutdanning frå Høgskolen i Oslo, og mastergrad i international relations frå London School of Economics and Political Science. Dei seinare åra har han jobba i Bergensavisen.

Powered by Labrador CMS