Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Kven skal tømma papirbosset i fellesområda, spør hovudverneombodet ved Det humanistiske fakultetet.
– Her er bossrommet, seier Eli Kristine Knudsen og låser opp ei dør i første etasje i HF-bygget. På innsida står fleire store bosskonteinarar. Hit skal papirbosset frå heile bygget fraktast. Det er berre det at det ikkje fungerer heilt slik. I alle etasjane har papirboss hopa seg opp – særleg i fellesareala. – Tidlegare var det reinhaldspersonalet som tømte bosset, men etter at reinhald var ute på anbod i fjor haust, gjer dei ikkje det lenger, seier Knudsen, som er hovudverneombod ved fakultetet. – Fekk ikkje vera med Saka om bosshandtering ved UiB har vore tema i to lesarbrev: Eit frå Espen Dragstmo frå Det juridiske fakultetet og eit frå Tanja Barth ved Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet. Ingen av dei er nøgde med dei nye ordningane. Det er heller ikkje Arnhild Thorseth. Ho er areal- og miljøkoordinator ved HF. Både ho og Knudsen har skrive brev om den nye ordninga. På Høyden fann desse på UiB si postliste. – Det er ingen tilsette som har vore med på å bestemma dette, så eg meiner at reglane om medbestemming ikkje er følgde, seier Thorseth. Både Thorseth og Knudsen understrekar at den einskilde bør klara å få papirbosset vekk frå sitt eige kontor. Men papirbosset i fellesareala hopar seg opp, særleg rundt kopimaskinene. – Slik det er no, vert det kontorpersonell som får ei ekstraoppgåve – utan å verta spurt om det, seier Thorseth. Manglar spann – I fjor haust var eg som hovudverneombod med på ei synfaring saman med mellom anna representantar for eigedomsavdelinga (Eia). Då vart det sagt at representantar frå Eia skulle frakta spanna opp og ned. Men det viser seg at det ikkje har kome spann alle stader, seier ho. I to av etasjane står det store papirspann som ein kan tømma papiret oppi. Dei andre papirspanna står på rommet i første etasje. – Det er det same hos oss, seier Thorseth, som har arbeidsplassen sin i Harald Hårfagres gate. – Papiret hopar seg opp der òg. Forbruket skal ned Det seier Even Berge, som er avdelingsdirektør hos eigedomsavdelinga. Frå 2010-20 skal UiB etter planen redusera avfallet sitt med tjue prosent. Det betyr òg at det vil verta krav om auka kjeldesortering, opplyser Berge. – Eg ser at nokre vitskapeleg tilsette ikkje vil bruka tid på å tømma papirbosset sitt. Sjølv går eg bort til nabobygget for å få tømt papiret. Me har godt av å bevega oss litt, seier Berge, og legg til at ei ordning med at den einskilde skal tømma sitt eige boss er noko han er van med frå då han jobba i næringslivet. Berge stadfestar at praksisen heng saman med reinhaldspersonalet sine oppgåver. – Me må ha reinhald ute på anbod kvart fjerde år. Då me skulle ha det ut på anbod i fjor, såg me at oppgåvene var altfor dårleg skildra. No har me laga ein reinhaldsstandard der ein skal kunne kontrollera om det er reint nok. Det er ein føresetnad at den einskilde skal tømma papiret sitt sjølv, men det skal ikkje vera langt å gå til ein papirstasjon. Berge understrekar at kostandane til reinhald ikkje har gått ned etter at dei tilsette sjølve skal tømma papirbosset sitt. Pengane ein sparar på å redusera avfallsbehandling har gått til mellom anna å vaska toaletta hyppigare enn før. Miljøstasjonane kjem – Eg har ikkje vore kjent med at reinhaldspersonalet har tatt ansvar for å tømma papirbosset, slik har det i alle fall ikkje vore hos Eia dei fem åra eg har jobba der. Det verkar som om praksisen har vore ulik ulike stader ved UiB, seier Berge. Han seier at dei ulike institutta bør gjera ei organisatorisk avklaring om kven som skal tømma boss. – Hos oss vert dette gjort på omgang, og det vert ikkje sett på som noko problem. Professor Tanja Barth skriv i eit lesarinnlegg om dei nye miljøstasjonane. – Slike miljøstasjonar vil koma overalt – òg i HF-bygget, seier Berge. – Kven skal tømma bosset her? – Det skal reinhaldspersonalet gjera. Men det vil ikkje lenger vera bosspann på kvart enkelt kontor, seier Berge. Han er oppteken av å finna balanserte løysingar. – Men ein har òg eit personleg ansvar for at me har det ryddig rundt oss. Det er ein ganske universell tanke i arbeidslivet, seier Berge. Eli Kristine Knudsen er hovudverneombod for HF. Ho lurer på om det vert mindre boss med den nye ordninga – eller om dei tilsette vert freista til å kasta papir saman med restavfall. I første etasje i HF-bygget er det samla mange store spann til papirboss.
– Som hovudverneombod ønskjer eg at UiB skal nå måla sine om kjeldesortering og vera eit grønt universitet, og eg vil oppmoda dei tilsette om å samarbeida om dette. Men eg er usikker på om dette er vegen å gå – eg er redd for at når den enkelte må ta ansvar for sitt eige papirboss vil det føra til at ein kastar papir i restavfallet. Restavfallet vert endå tømt av reinhaldspersonalet, seier Knudsen.
– Ein kan spørja seg om kvifor ein skal endra på noko som har fungert, seier Knudsen.
– Alle må yta litt. Ein skal merka at ein brukar papir – på den måten kan me få ned forbruket.
– Kva er din kommentar til at dei tilsette meiner at dei ikkje har vorte høyrde?