Her torer ingen bu

– Med alle gjestane vi får på besøk til UiB, treng vi sårt desse bustadane, seier Randi Higraff. Men ingen vil bu i leilegheitene i Knut Fægris Hus.

– Det skar seg heilt i sommar, fortel Randi Higraff.

– Då kom det ein professor med sambuar, men dei flytta etter kort tid. Etter det har det vorte vanskeleg å få nokon til å bu her. 

Kjentes utrygt for barn
Gjestebustadane ligg i andre etasje i Knut Fægris hus, tett inntil Nygårdsparken.Dette er møblerte leiligheiter som kan leigast av gjesteforskarar og andre som skal arbeide ved UiB for ein kort periode. Men den siste tida har dei stått tomme. Ingen ynskjer å booke dei lyse toromsleilegheitene med utsikt mot Nygårdsparken og Olaf Ryes vei. 

– Den siste leigetakaren som var innom flytta ut i slutten av november. Han hadde eit barn som skulle komme på besøk, og meinte at det var uansvarleg å ha barn buande så tett inntil parken. Det kan eg godt forstå at han meinte, seier Randi Higraff.

UiB har gjestebustader også på Sydneshaugen og i Allégaten. Desse er det rift om, fortel Higraff. Men i Villaveien 9, er situasjonen ein heilt annan.

– Folk flytter inn, og oppdagar kor ille det. Fleire blir så skremde at de ønskjer å flytte med ein gong.

– Kva er det som skremmer dei?

– Det skjer sjeldan noko farleg. De fleste rusmisbrukarane oppfører seg skikkelig. Men det å ha ei open russcene så tett på er sterkt å sjå. Det er verdt å merke seg at dei som kjem frå utlandet er vande med hardarde forhold, men dei vert likevel skremde, seier Randi Higraff.

Ber Securitas om følgje heim
Ho fortel at Eigendomsavdelinga har sett seg nøydde til å legge ut ei åtvaring på nettsida si, der dei opplyser om at huset er nærmaste nabo til rusmiljøet i Nygårdsparken, og dermed ligg i eit svært belasta område.

På Høyden er kjend med at enkelte av bebuarane i gjestehusværa har vore svært redde for å gå heim aleine på kveldstid. Nokre har opplevd det som så utrygt at dei har bede om å bli møtt av Securitas ved hovudinngangen til Studentsenteret slik at dei kan få følgje heim.

– Det kjennast truande at det sit narkomane på trappa når ein kjem heim. Ein veit jo ikkje om ein av dei brått vil ta tak i døra, seier Randi Higraff.

Tapte inntekter
Knut Fægris hus er freda av Riksantikvaren, og er lista i Verneklasse 1. Huset er teikna av arkitekt Schak Bull, og vart reist i 1888. Praktbygget er universitetet sin representasjonsvilla, og vert nytta til doktorgradsmiddagar og høgtidelege markeringar. På Høyden har tidlegare omtala ein sak der tilsette ved UiB har følt seg trua utanfor huset.

Kvar månad leilegheitene står tomme, tapar UiB 16 000 kroner. På eit år utgjer dette 192 000 kroner.

Også Even Berge, avdelingsdirektør i Eigendomsavdelinga, er oppgitt over situasjonen.

– Vi ønskjer å rekruttere og gi gode forhold til utanlandske gjester. Det er et problem for oss at to leilegheiter må stå ledige fordi ingen torer å bu her, seier Even Berge til På Høyden.

– Kva kan Eigendomsavdelinga gjere for å betre situasjonen?

– Vi har skjerpa vakthaldet, og instruksen til Securitas er at dei kan vise vekk personar.

Men dei skal samtidig følgje opp alle bygga til UiB.

– Trist med open rusing
– Dette er først og fremst eit samfunnsproblem. Det er trist å ha dette så tett på. Vi er avhengige av å få ein ruspolitikk som gjer at vi kan hjelpe dei med rusproblem. Men ein kunne kanskje håpe at ein kunne hindre opne russcener midt i bustadområder, seier Even Berge til På Høyden.

Han legg til at også naboane i området er kritiske til at det ikkje vert gjort meir for å ta affære med open rusing på Nygårdshøyden.

– Vi har hatt møter med Bergen kommune, Studentskipnaden og politiet. Politiet er de einaste som kan gjere noko på kort sikt. Vi har vurdert å sette opp et høgt gjerde utanfor trappa, men vi ønskjer eigentleg ikkje å lage en festning mot byen, seier Even Berge.

Slik ser den kombinerte stova og kjøkkenet ut i den eine gjesteleilegheita. Husværa, som er fullt møblerte, har stått tomme sidan november. Foto: Ida Bergstrøm

Powered by Labrador CMS