Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Dei mest nøgde studentane finn du på NHH. Ved Universitetet i Bergen melder 83,2 prosent at trivselen er god, noko som plasserer UiB midt på treet.
Dei minst nøgde studerer på Universitetet i Oslo. I undersøkjinga har masterstudentar blitt spurte om kor tilfredse dei er med lærestaden sin. Det er Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) som har studert trivsel blant studentar i Norge. I alt 1752 studentar vart spurde. Handelshøgskulen kjem best ut Studiesjef Jorun Gunnerud meiner dette heng saman med utsiktene studentane har til ein god jobb når studiene er ferdige. – I tillegg jobbar vi veldig medvite med kvaliteten på studiene våre og med å lytte til evalueringar frå studentane, seier ho til avisa Bergens Tidende. Også forskingsleiar Jannecke Wiers-Jenssen ved NIFU trur arbeidsmarknaden spelar inn på tala. – Dei er generelt høge. Det kan skuldast at dei fleste i Norge får jobb, og då ofte ein ganske relevant jobb. Talet på misnøgde kunne vore høgare dersom arbeidsløysa var høgare, seier ho til BT.
På NHH svarer heile 95 prosent at dei anten er svært heller litt fornøgde.