Nåler som dette er i dag eit vanleg syn på Nygårdsparken. Det vil politiet, helsevesenet og politikarane gjere noko med. Men korleis? Arkivfoto: Ida Bergstrøm

Parken stenger - kva vil skje?

Narkotika på høyden:

Skal Nygårdsparken igjen bli ein triveleg plass å vere, kan det vere at myndigheitene må gje opp kampen for ein by utan narkomane. Tysdag var professor Ambros Uchtenhagen i Bergen for å fortelje om korleis «Needle Park» i Zürich vart rusfri.

Første juli skal portane til parken stengast. Rusmisbrukarane skal vekk, dei skal få hjelp i dei nyetablerte mottaks-og oppfølgingssentra på Wergeland og Nesttun. Korleis vil det eigentleg gå?  

– Det er viktig å forstå korleis desse mekanismane knytt til rus og samfunnet rundt verkar, seier den sveitsiske professoren Ambros Uchtenhagen.

Tysdag var han på UiB sin ruskonferanse for å dele erfaringar frå ein by der openlyst rusa personar og brukte sprøyter er eit sjeldant syn.

Avrusinga av Zürich
– I dag er det nulltoleranse mot openlys injisering. Men det er høg toleranse for sal og bruk på privaten, seier Ambros Uchtenhagen.

Han har forska på kva som skjedde då myndigheitene i Zürich stengde «Needle Park» i 1992.  – Russcena flytta seg. Dei narkomane vart spreidde over heile byen. I skulegarden. I bakgardar. Brukte sprøyter var over alt, seier han.

Den første erfaringa var ei klar forverring. Talet på overdosar eksploderte. Det same gjorde talet på Hiv-smitta. Både kvinner og menn prostituerte seg, og «Needle Park» trakk dermed til seg også andre kundegrupper enn dei som ville kjøpe narkotika. Rivaliserande grupper selte dop. Etter kvart hardna valden mellom dei til, og dei væpna seg.

Seinare klarte politiet, politikarar og hjelpeapparat å gjere noko riktig. Det synlege misbruket, kriminaliteten, valden og forsøplinga som følgjer med ein heroinistpark er vekke. I dag er Zürich ein by som rusforskarar, politi og politikarar valfartar i dag til for å finne ut korleis ein kan få dei narkomane vekk frå gatene og inn i hjelpeapparatet.

  - Needle park var eit symtpom, ikkje hovudproblemet, seier professor Ambros Uchtenhagen. Foto: Ida Bergstrøm

– Vi måtte lære
– «Needle Park» var eit symptom, ikkje hovudproblemet. Hovudproblemet var ei tru på det narkotikafrie samfunnet. Vi trengte ein sosial læringsprosess for å finne ut kva løysingar som var meir effektive, seier Ambros Uchtenhagen.

– Ein starta då å arbeide for å gjere bruk av heroin tryggare, framfor å arbeide for å stanse narkotikamisbruket.

Eit samarbeid mellom politi og sosialarbeidarar starta å patruljere gatene. Målet var å fange opp misbrukarar, som skulle få hjelp. Men også for å beskytte innbyggarane mot dei narkomane. Å ha tunge rusavhengige tett innpå seg er krevjande for dei fleste, erkjenner Ambros Uchtenhagen.

Forsvar for sprøyterom
I Zurich vart det også opna også opp for metadon. Desentraliserte behandlingstilbod haldt rusmisbrukarane unna bykjernen. Ein opna sprøyterom, der ein kunne sette sprøytene sine i ro og mak. Dei heimlause skulle få tak over hovudet, alle fekk helsetilbod og aktivtetstilbod.

– Eit injeksjonsrom er nødvendig for alle som vil vekk frå eit uhygieniske og risikabelt misbruk til eit tryggare liv, seier professor Ambros Uchtenhagen.

Dei som ikkje høyrde heime i Zürich vart sende tilbake til heimkommunen sin, der dei fekk eit tilsvarande tilbod. Repatriering av innflytta narkomane var ein del av planen.

– Tapar-dop
Kva skjedde i Zürich? Færre starta på heroin.

– I dag blir heroin sett på eit tapar-dop. Over 80 prosent av dei som er avhengige av heroin får metadon. Nokre får også heroinassistert behandling. Det er ikkje forbunde med status å ende opp på ein heroinklinikk, seier Ambros Uchtenhagen.

– Hadde ikkje dei lokale politikarane vorte samde om korleis dei skulle løyse problema, hadde det vore vanskeleg å få sentrale myndigheiter til å samarbeide om tilbod, behandling og skadereduserande tiltak, seier han.

– Kan erfaringane frå Zürich overførast til Bergen? Kva må vi vente når parken stengast? spurde debattleiar Kari Birkeland.
– Eg gjettar på at de vil sjå liknande erfaringar som vi gjorde då parken stengde i Zurich, seier Ambros Uchtenhagen.

Powered by Labrador CMS