Siste skudd i parken

Publisert

Det var berre éin rusmisbrukar i Nygårdsparken då kommunen og politiet starta stenginga i morges. Dersom dei lukkast er ein epoke over.

Klokka åtte i morges kom politiet, og arbeidet med å gjerde inn den øvre delen av parken kunne ta til. Området rundt Flagghaugen og Langedammen skal stengast av, men hovudvegen gjennom parken blir framleis open.

Sosialt i parken
Politifolk, journalistar og gjerdemontørar dominerte, og berre ein og annan rusmisbrukar kom forbi av og til.

– Eg har vore i parken sidan midten av åttitalet, då eg var 17-18 år gamal, fortel Per (45).

Han fortel at han no går på metadon, og at han difor berre har vore sporadisk i parken dei siste tolv åra.

– Det er det sosiale som gjer at eg kjem oppom, seier Per.

Han trur at dei vil klare å rydde parken på kort sikt, men ikkje i lengden. Dei nye MO-sentra passar ikkje til dei som vanlegvis står i parken. Dei høyrer meir heime i Strax-huset, som no ligg rett over Puddefjordsbroen.

– Men eg synest det er heilt greitt at dei stengjer parken. No er det så mange utlendingar her oppe som sel stoff, synest Per.

Aktivitet på kveld og natt
Det er venta at prosessen med å setje opp gjerder og rydde parken vil kunne ta ei veke, og politiet vil halde ekstra vakt den første tida. Bergen kommune har og sett som vilkår at politiet skal vere til stades når dei  jobbar der.

Nygårdsparken har vore tilhaldsstad for rusmisbrukarar heilt sia 1960-talet, og det kan ta lang tid å vende dei av med å søkje seg dit.

Tryggleikssjef Tore Reigstad ved Universitetet i Bergen har så langt ikkje fått melding om noko unormalt.

– Men det er for tidleg å sjå enno. Det har vore størst aktivitet i parken om kvelden og natta i det siste, seier Reigstad.

Finn nye stader
Kor dei narkomane no vil samle seg er uvisst. Men i parken, mellom journalistar, politifolk, sosialarbeidarar og rusmisbrukarar, finst det allereie mange teoriar; Assistentkirkegården, Bergen Storsenter, Nedre Korskirkeallmenningen, Nordnesparken og dei to MO-sentera.

Den vande parkgjengaren Per har mest tru på området ved Jahnebakken og Nygårdstangen, til dømes langs gangstien som går under Nygårdsbroen.

– I vinter blir det nok der nede folk held til, meiner han.

Men då På Høyden var på staden i går, var det tomt. Rusmisbrukarane har ikkje funne ein ny stad å vere enno. 

Powered by Labrador CMS