Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Fredag forsvann det siste som vitna om det var Bergens Tidende som tidlegare heldt til i Stein Rokkans hus.
Smedane Stian Bratten og Harald Grimstad med den nylaga stål-ugla som skal pryde porten ved Stein Rokkans hus. (Foto: Øistein Fotland) Fredag vart den gamle BT-logoen fjerna av to smedar. No skal porten verte renovert, og nye UiB-skilt setjast inn. – Dei gamle skilta vert levert til morgon tidleg. Eg har avtala at det kjem ein person og hentar dei. Eg hadde ikkje lyst til å vere den som kasta desse skilta, for å seie det sånn, seier Øistein Fotland i Eigendomsavdelinga. Ny logo på plass – Kvifor har ikkje logoen vore fjerna før? – Sanneleg om eg veit. Men då vi skulle rehabilitere porten såg vi at her var framleis BT sin logo. No kjem UiB sin logo på plass, og porten vert malt grøn, seier Fotland. Husar seks avdelingar I dag er det IT-avdelinga, Uni-Rokkansenteret, Universitetsmuseet i Bergen, Universitetsbiblioteket, Kommunikasjonsavdelinga og Senter for vidare- og etterutdanning som har kontor her.
Den gamle logoen var ein del av porten mot bakplassen til Stein Rokkans hus. No er den fjerna av Stian Bratten og Harald Grimstad frå Bygg & Ventilasjon AS. Dei har også laga det nye skiltet, som er skore ut av ei fem millimeter tjukk stålplate.
Det tidlegare BT-bygget, med adresse Nygårdsgaten 5, vart teke over av UiB i 2002. Bygget fekk då namnet Stein Rokkans hus.