Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
I Spania feirar dei i år fire hundre årsjubileét for alle romanars mor, Don Quijote. Dette markerer Universitetsbiblioteket med å opne ei Don Quijote-utstilling i høve verdas bokdag 23.april.
“Om det er ein roman du må lese før du dør, er det Don Quijote”, sa den nigerianske forfattaren Ben Okri då romanen i 2002 vart kåra til verdas beste av hundre internasjonalt kjende forfattarar.
Universitetsbiblioteket har mange utgåver av Don Quijote og i utstillinga på Hf-biblioteket kan ein mellom anna sjå ei fransk utgåve frå 1798 og ei frå 1875, ei dansk frå 1776, ei norsk frå 1916 og ei engelsk frå 1782. Her er også den spanske jubileumsutgåva som kom i 2005.
Don Quijote er skriven av spanjolen Miguel de Cervantes Saavedra (fødd 1547) – som døydde 23.april 1616. Cervantes skreiv romanen i åra 1592 til 1597 og redigerte den i fengsel etter å ha blitt sett inn for utestående gjeld, skriv Solveig Kavli i eit hefte som er laga til utstillinga. Boka fortel historia om adelsmannen Alonso Quijano (Don Quijote) ein mann som har forlese seg på ridderromanar og har fått ei skeiv og idealisert oppfatting av røynda. Han gjev seg ut på ei omflakkande reise saman med sin våpendragar Sanzo Panza og sin aldrande hest Rocinante, og blir gong på gong konfrontert med ein alt anna enn perfekt tilvære, skriv Kavli.
Don Quijote har hatt svært stor innverknad, det er eit av verdas mest oversatte verk og har vore inspirasjon for ei enorm mengd teaterforestillingar, kunstverk, filmar og teaterstykke. Ei av bøkene som vert vist på utstillinga er illustrert av Salvador Dali i 1957.
Pedro Vásques og Solveig Kavli er ansvarlege for utstillinga. På opninga 21.04 blir det musikk frå 1600-talet ved José Alejandro Huidobro-Goya, og Jon Askeland, amanuensis ved seksjon for spansk språk og latinamerikansk skal halde ei innleing.