Hf blir proffare – men held på breidda

Publisert

I løpet av 2006 skal det tilsetjast instituttstyrarar ved alle HF-institutt. Dette er ein del av vedtaket om instituttsamanslåing som fører til at ein seinast hausten 2007 vil ha fem storinstitutt ved HF.

Dekan Gunnstein Akselberg seier til På Høyden at han er nøgd med prosessen så langt og at det har vore stor forståing blant dei tilsette på HF for at omorganisering er naudsynt. Ikkje minst med tanke på at det vil auke kontakten på tvers av fagmiljøa på fakultetet – og såleis gjere det lettare å etablere tverrfaglege forskargrupper for mellom anna å søke midlar frå Noregs forskingsråd.

– Det har blitt slik at det no fins svært få individuelle stipend. Største delen av pengane går til tverrfaglege grupper. Dette må vi ta konsekvensen av, men det ser og ut til at forskarane våre har tatt den tanken til seg, og det har vore ein god diskusjon i forkant av den institutt-strukturen vi no har landa på, seier Akselberg. Han fortel at det har vore mange forslag på bordet. Årsaka til at vi valde denne er mellom anna at dette har vore ein ”interaktiv prosess” der ein har lagt stor vekt på kva fagmiljøa sjølve har ønskt å høyre saman med, seier dekanen.

Ingen nedleggingar

Han avviser at det er aktuelt å legge ned institutt for å satse ”spissare”.

– Det kan eg aldri tenke meg kjem til å skje, vi har faktisk ganske lita breidde samanlikna med mange andre universitet det er naturleg å samanlikne seg med. Vi skal sjølvsagt legge vekt på å få fram dei gode miljøa, og at vi kan få det til er Senter for Mellomlalderstudiar (CMS), som har SFF-status, døme på. Det same gjeld miljøet for Kristen antikk (PROAK) som nesten nådde opp i den førre SFF-runden, seier Akselberg.

Han legg ikkje skjul på at han skulle ønskt seg fleire SFF-søkjarar enn frå det eine miljøet ved HF i nordistikk som søkjer i den andre utlysingsrunden no i år, men han er glad for at HF i alle fall fekk fram eitt miljø.

Trass i at dei er opptekne av å halde på den faglege breidda, vil HF legge vekt på i noko større grad enn før å tilpasse seg Universitetet i Bergen sine strategiske satsingar for forsking. Akselberg trekkjer fram utviklingsforsking som eit område der HF har suksess – og der det også finst ei nokså stor grad av samarbeid på tvers av faggrenser. Akselberg framhevar også det fakultetet har fått til med forskarskular som ein suksess.


Flyttar på stillingar

Det vil bli sett ned ei arbeidsgruppe som skal jobbe med ein ny forskingsstrategi på Hf. Arbeidet med å lage utlysingstekst for instituttleiarstillingane er i gang og stillingane vil bli utlyste , truleg etter sommaren 2006.

– Vi har etter kvart sett at vi kan vere tente med tilsette styrarar. Det er både fordelar og ulemper med slik tilsetjing, men det som er klart er at dette er naudsynt for at også HF skal kunne markere seg i dei omstillingsprosessane som skjer i heile sektoren for høgare utdanning og forsking. Fleire fakultet og institutt er alt komne langt når det gjeld ny organisering og større vekt på ”teamarbeid”.

Trass i at det rår ein relativ stor optimisme på HF i i Bergen, er det nokre utfordringar som Akselberg trur kan bli vanskelege. Når til dømes ein professor går av, skal ein vurdere kvar på fakultetet det er mest trong for denne stillinga. Ein kan dermed ikkje rekne med å halde på opparbeida stillingar i same grad som før på dei ulike institutta og forskarmiljøa. HF kan også risikere å få mindre midlar som følgje av sentrale omprioriteringar på UiB. Dekanen seier at det er for tidleg å seie noko om korleis dette vil slå ut.

Men ein ting slår han fast:

– Det skal vere mogleg å forske individuelt på HF. Det har vi ein sterk tradisjon for og det ønsker vi å halde på. Dette kan også bli lettare å gjennomføre dersom fakultetet sjølv får fordele midlane til doktorgrader, medan Norges Forskingsråd skal administrere post.doc, seier Gunnstein Akselberg.

Powered by Labrador CMS