HF går nye vegar for å auka gjennomføringa på doktorgradsnivå

Publisert

HF vil setje i gang ei rekkje stimuleringstiltak for å betre gjennomføringstida og få ned det store fråfallet i stipendiatgruppa på fakultetet. No skal kandidatane få jobbtilbod og betre løn etter at dei har levert avhandlinga.

Handlingsplanen for forskarutdanninga ved HF slår fast at alle stipendiatane skal få tilbod om tilsetjing som førstelektor i fem månader etter at dei har levert avhandlinga. Dersom dei fullfører i løpet av stipendiatperioden, vert engasjementet auka til ni månader. Dei som fullfører på normert tid vil også rykke opp tre lønstrinn med verknad frå seks månader før innlevering. Dette er eit ledd i UiB sin generelle lønspolitikk. Handlingsplanen skal gjelde frå 2004.

– Vi har hatt sterk auke i talet på avlagde doktorgradar. Dei siste fem åra har fakultetet vårt stått for om lag 40 prosent av doktorgradane i humanistiske fag i Norge. Denne utviklinga er vi sjølvsagt svært nøgde med, men den nasjonale evalueringa av forskerutdanninga viser at det er store problem med gjennomføringa. Vi trur jobbengasjement og ein lønsauke vil vere ei gulrot for å få fleire gjennom systemet, samstundes som dei ferdige kandidatene kan vere ein kreativ stimulans for fagmiljøa, meiner prodekanus for forsking ved HF, Gunnstein Akselberg.

Fakultetet vil også auke den summen institutta får per disputas frå 11.000 for dr.art til 30.000.

Finansieringa av tiltaka skjer ved omdisponering av fakultetet sine midlar.

Rettleiing og langtidsjukemelding

HF-fakultetet har, med hjelp frå Rokkansenteret, nettopp fått laga si eiga undersøking som baserer seg på spørreskjema sendt til stipendiatar ved fakultetet frå 1991-97. Rettleiarane vart også spurde. 55 stipendiatar og 27 rettleiarar returnerte skjemaet og svarprosenten var omlag 50 prosent.

Analysen viser at faktorar som kjønn, permisjon eller endra problemstilling ikkje kan forklare kvifor nokon fullfører og andre ikkje. Det som slo ut var rettleiing og langtidssjukemelding. Dei langtidssjukemelde er klart overrepresentert i gruppa av studentar som ikkje har fullført utdanninga.

Dei som ikkje har permisjonar og som har kjennskap til temaet frå før, brukar kortast tid. Dessutan ser det ut for at det sosiale miljøet speler ei rolle for gjennomføringa.

– Kandidatane innen humaniora har vore relativt lite integrert i fagmiljøa. Vi ynskjer mellom anna å etablera forskarskular for å gje stipendiatane betre høve til å delta i eit forskarmiljø. SFF innan middelalderforsking har allereie fått til ei slik ordning, og vi satsar dessutan på å trekkje inn miljøet innan kristen antikk som nådde høgt opp i SFF-konkurransen. Vi held også no på med å oppretta ein ny forskarskule i samband med språvitskap og filologi, fortel Akselberg og peikar på eit anna interessant funn i undersøkinga, nemleg kandidatene og rettleiarane sine ulike syn på retteliingstid.

Desse legg begge vekt på rettleiinga si rolle som motivasjonskjelde, men medan over 70 prosent av rettleiarane hevdar at rettleiingene har vore på meir enn 2-3 timar, er det berre seks prosent av stipendiatene som meiner det same. Kandidatene er imidlertid svært nøgde med den retleiinga dei får.


«Gode tiltak»

Gjennomsnittsalderen for dei som vart opptekne til dr.art-studiet var, frå 1999 fram til 2002, 33 år. Dei stipendiatane som vart tilsette i fjor var 29,7 år. Gjennomsnittleg gjennomføringstid i 2001 og 2002 var 4,9 år. Korrigert for permisjonar 4,4 år. Det er over 1/3 av stipendiatene som ikkje fullfører. Det store fråfallet fører til høg alder ved disputas og for få kandidatar totalt. I 2002 var gjennomsnittsalderen her 35.8 år.

– Det er eit klart mål å få ned alderen på kandidatene, men eg må samstundes understreka at vi treng stipendiatar på alle aldersnivå og med ulik bakgrunn og livserfaring, seier Akselberg.

Ingunn Holm er stipendiat på arkeologi og styremedlem i stipendiatane sin interesseorganisasjon, SIFUB. Ho meiner stimuleringstiltaka er gode.

– Når ein er i siste fase av avhandlinga, er det godt å vite at ein er sikra inntekt i nokre månader etter innleveringa. Då kan ein senke skuldrene og få konsentrere seg om det ein skal gjere. Eg trur óg det er gunstig at fakultetet no tilbyr eit 6 månaders undervisningsvikariat i stipendperioden. HF-faga er mogningsfag og stipendiatane må gjerne gjennom ein prosess som tek litt tid, meiner Holm.

Powered by Labrador CMS