Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Nye retningslinjer for krav om norskkunnskapar har no vore ute på høyring ved Det humanistiske fakultetet. – Mange slår for lett over til engelsk, meiner LLE-leiar Johan Myking.
– Det er ingen som har vorte fengsla for å bryta mållova. På same måte er det ikkje slik at dersom ein ikkje klarar å læra seg norsk i løpet av to år, skal ein verta møtt med ein trussel om å missa jobben.
Det seier Johan Myking, instituttleiar ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE).
Han har vore med i prosessen der Det humanistiske fakultetet no har utarbeidd nye retningslinjer for gjennomføring av opplæring og oppfølging av utanlandske tilsette som ikkje kan undervisa på norsk eller eit anna skandinavisk språk når dei får fast jobb ved UiB.
– Ei bjørneteneste
Det er allereie slik at dei som har takka ja til faste, vitskapelege stillingar ved UiB har sagt ja til å læra norsk i løpet av to år. I fjor haust vart seminaret «Internasjonalisering og undervisningsspråk» arrangert. Her kom det mellom anna fram at språkkravet vert etterlevd i varierande grad.
I forslaget til HF sine nye retningslinjer heiter det at fakultetet vil krevja at nytilsette deltek på norskkursa og tek eksamen opp til minst trinn 3-nivå. Dette er det same nivået som utanlandske studentar som vil studera i Noreg må meistra. Vidare heiter det at ein må ha ein frammøteprosent på minst 75, og at karakteren bør vera minst C.
– Saka har vore diskutert i instituttrådet hos oss, og me synest nok at retningslinjene er litt mekaniske i stilen, seier Myking.
I uttalen frå LLE vert det lagt vekt på at retningslinjene før nytta gulrot og ikkje pisk, og instituttrådet meiner òg at det bør presiserast at det er eit leiaransvar å leggja til rette for at dei tilsette får høve til gjennomføra norskopplæringa som ein del av arbeidet ved institusjonen.
– Noko av det viktigaste å fokusera på er at språk ikkje berre handlar om undervisning. Språk er viktig for å verta integrert som arbeidstakar. Eg trur at mange stader er det for svak kultur for å læra norsk, og i mange miljø er det lett for at ein slår over til engelsk. Det er å gjera utanlandske tilsette ei bjørneteneste, meiner Myking.
LLE peikar òg på at det er litt uklårt kven retningslinjene skal gjelda for. Kva krav skal ein stilla til forskarar med kontrakt i to år eller postdoktorar, som gjerne vert tilsett for fire? Og kva med stipendiatar?
Viser til hopptrenar
I brevet som var sendt ut saman med forslaget til retningslinjer heiter det at retningslinjene i utgangspunktet skal gjelda for tilsette ved HF. Men samstundes bør det ikkje vera ulik praksis ved fakulteta.
Saka skulle eigentleg opp i fakultetsstyret neste veke. Men fakultetsdirektør Trine Moe seier at ein treng litt meir tid før saka er klar til behandling.
– Utgangspunktet for saka var å laga betre rutinar for å følgja opp dei retningslinjene som ligg der i dag, for me ser at oppfølginga ikkje har vore god nok. Samstundes får desse endringane ein implikasjon for norskkursa, som høyrer til ved HF, men som gjeld for heile UiB, seier Moe.
Myking er oppteken av at ein treng ei haldningsendring.
– Det norske hopplandslaget har fått ein trenar frå Austerrike. Han sa tidleg etter at han vart tilsett at han ville læra seg norsk. Gjorde han ikkje det, ville han ikkje forstå tull og tøys og fleip internt på laget. Dette såg han som naudsynt for å gjera ein fullverdig innsats. Eit flott eksempel som mange kan læra av, seier Myking.