Ann-Kristin Molde (til venstre) var den som tok initiativ til Stip-HF. Her saman med dagens styre: Jacob Hoffmann (AHKR), Guro Sandnes (IF), Sara Kohne (AHKR) og Benedikte Fjellanger Vardøy (IF).

Jobbar for stipendiatane

Publisert

Stipendiatane ved Det humanistiske fakultet har sitt eige utval. – Det er lett for at ein som stipendiat kjenner seg temmeleg åleine, seier Guro Sandnes.

Korleis sikra stipendiatar like moglegheiter til god rettleiing? Det var utgangspunket for ei spørjeundersøking Stip-HF, HF-stipendiatane sitt fagpolitiske og fagleg-sosiale utval, gjennomførte i fjor. Svara dei fekk inn viste at slett ikkje alle doktorgradsstipendiatane ved fakultetet var nøgde med den rettleiinga dei fekk.

– Me opplever at stipendiatar bankar på døra vår for å drøfta ulike problem. Me lurte på om dei historiene me høyrde skuldast personlege problem, eller om dette var noko som kunne gjelda fleire.

Det seier Benedikte Fjellanger Vardøy, som sit i styret for Stip-HF, om bakgrunnen for undersøkinga.

Frå 2007
Spørjeundersøkinga har ifølgje STip-HF-styret ført til endringar, og er òg eit døme på korleis utvalet arbeider. I 2007 kom framlegget om eit eige organ for stipendiatar.

– Fakultetet arrangerte eit startseminar for alle dei ferske stipendiatane. Eg skal ikkje påstå det heilt hundre prosent, men eg trur eit eige utval var min ide. Me var fleire som hadde ei kjensle av at me var ei gruppe som ikkje hadde innflytelse, seier Ann-Kristin Molde.

Ho hadde allereie vore leiar for fagutvalet ved dåverande nordisk institutt, og gjekk i bresjen for Stip-HF saman med ein annan stipendiat. UiB hadde hatt ein sentral stipendiatorganisasjon, men den hadde døydd ut.

Å verta godkjent som høyringsorgan var noko av det den første Stip-HF-gruppa jobba mykje med, og fekk gjennomslag for. Ei anna viktig sak var å setja grenser for pliktarbeid. Ph.d.-kandidatar skal ha eitt års pliktarbeid, der 60 prosent av tida skal nyttast til undervisning og resten til administrative oppgåver.

– Tidlegare var det i ein del tilfelle slik at stipendiatar vart overbrukt til undervisning, for at institutta skulle spara pengar. Men dette har vorte mykje betre, seier Molde.

Postbod
Sara Kohne, som er ph.d-stipendiat i kulturvitskap og leiar for Stip-HF, seier at utvalet har ein slags postbodfunksjon.

– Me vert tekne ganske seriøst av fakultetet og institutta, seier ho.

– Me har mellom anna fått gjennom ei ordning som sikrar kvotestipendiatane løn i tida mellom levert avhandling og disputas, seier Jacob Hoffmann, som er stipendiat i engelsk litteratur.

Noko anna Stip-HF har jobba med, er tilhøvet mellom forskargrupper og stipendiatane. Nokre av dei er med i forskargrupper som fungerer godt, nokre er med i forskargrupper som fungerer mest på papiret – og nokre har ikkje fått tilbod om å vera med i ei forskargruppe i det heile.

– Som stipendiat vert det fort til at ein vert sitjande mykje på kontoret sitt, og det er lett for at ein kjenner seg temmeleg åleine, seier Sandnes.

Vil ikkje, kan ikkje, torer ikkje?
Sandnes er stipendiat i tysk litteratur. Ho er òg representant for gruppe B, mellombels vitskapeleg tilsette, i fakultetsstyret. Men mange mellombels tilsette engasjerer seg ikkje, slik Knut Melvær peika på i eit innlegg i På Høyden i vår. Sjølv har han vore vara til fakultetsstyret på HF og stilte til val til universitetsstyret. Melvær peikar på fire grunnar til at mellombels tilsette ikkje engasjerer seg: Ein har ikkje tid, ein vil ikkje stikka seg fram, ein synest det verkar vanskeleg og/eller ein vil ikkje skaffa seg fiendar.

Stip-HF-styret er samde i at tidsbruken nok er ein viktig faktor for at mange ikkje deltek. Sandnes innrømmer at ho eigentleg ikkje hadde tenkt å stilla ho heller.

– Men så kom det ein epost der me vart oppmoda, seier ho.

Å sitja i råd og utval tel som ein del av det administrative pliktarbeidet. Men Stip-HF meiner at ein ikkje får godskrive mange nok timar for slikt arbeid.  

– Faktoren for utvalsarbeid er for låg. Det er til dømes ikkje lagt opp til at ein skal kunne ha kontakt med den gruppa ein representerer, seier Molde.

Ikkje representert nasjonalt
I dag er Stip-HF det einaste stipendiatutvalet ved UiB. Styret fortel at det tidlegare var eit tilsvarande utval ved mat.nat, og at det har vore forsøk på å koma i gang ved Det psykologiske fakultetet. Men det finst ingen organisasjon for UiB, slik det til dømes er ved NTNU og UiO. Det finst òg ein nasjonal organisasjon; Stipendiatorganisasjonene i Norge (SiN).

– Men der er ikkje UiB representert. Det at det ikkje finst ein organisasjon for heile UiB gjer at det er vanskeleg å ta opp enkelte typar saker. No er til dømes saka om ansiennitet for stipendiatar på høyring. Men me hadde ingen stad å ta denne saka opp, seier Vardøy.

Kunnskapsdepartementet føreslår å endra universitets- og høgskulelova slik at tid til eiga doktorgradsutdanning ikkje skal reknast som tenestetid.

– Ta kontakt
Kohne understrekar at ein viktig del av Stip-HF er det sosiale.

– Me opplever at når me har sosiale arrangement er det ein lågare terskel for å ta opp saker. Så kan me ta dei med oss derifrå til fakultetet.

– Me prøver òg å få med oss dei internasjonale stipendiatane, slik at dei ikkje vert stogga av språkbarrierer, seier Hoffmann.

Men Stip-HF skulle gjerne hatt nokon å samarbeida med. Dei tek kontakt med gruppe B-representantane i fakultets- og universitetsstyre, men gruppe B er for alle mellombels tilsette, ikkje berre stipendiatar. Det gjer at ikkje alle saker passar like godt der.

– Me har eit godt samarbeid med fakultetet, og har mellom anna fått ei oppdatert epostliste som gjer at me får kontakt med alle, seier Vardøy.

– Og dersom det er stipendiatar ved andre fakultetet som ønskjer å vita meir om korleis me jobbar, er det berre å ta kontakt, seier Sandnes.

Powered by Labrador CMS