Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
151 sider som forsvann. Sakshandsaming som tok eit år. Eit arbeidsmiljø der ikkje alle er like gode venner. Dette er nokre av ingrediensane i ei sak redelighetsutvalet har handsama.
Kva saker skal handsamast i redelighetsutvalet og kva saker høyrer ikkje heime der? Det er hovudspørsmålet etter at utvalet i vår handsama ei sak som har Senter for vitskapsteori i sentrum. Då den endelege konklusjonen frå utvalet kom, hadde saka sirkulert i eitt år.
Det handlar om sure epostar og krangling internt på Senter for vitskapsteori (SVT). Frå ulike kjelder får På Høyden høyra om ei personkonflikt og eit arbeidsmiljø med fleire leirar. Det er mistanke om at redelighetssaka vert brukt i ei større konflikt.
Måtte droppa ferien
– Ei heilt lokal løysing hadde utan tvil vore det beste. Då hadde ein òg fått eit konfliktmessig betre utfall, seier Thorvald Sirnes.
Han er førsteamanuensis ved senteret, og ein av hovudpersonane i saka.
Saka byrjar våren 2014. Det er like før påske, og ein førsteamanuensis frå Det humanistiske fakultetet er klar til å reisa på påskeferie til familien litt lenger nord.
Den ferien vert det ingenting av. Forskaren må i staden bruka ferien til å finna fram dokumentasjon som kan prova at ho ikkje er skuldig i plagiering. 151 sider dokumentasjon vert fysisk levert til fakultetsadministrasjonen, som hadde ansvar for å levera vidare til redelighetsutvalet til sekretariat.
E-postutveksling
Det heile byrjar nokre veker tidlegare. Sirnes sender ein e-post til senterleiar Matthias Kaiser. Han skriv at han har gått gjennom ein mellombels tilsett sine tekstar, og at han der finn tekst han kjenner att. Burde ikkje Kaiser diskutert dette med Sirnes, spør Sirnes, som skriv at han «oppdaga (eg) eit visst gjenbruk, som det ikkje er opplyst om. (…) Mesteparten av gjenbruken er tekst som XX skreiv til søknaden, men det er også enkelte setningar og perspektiv som han har henta frå meg (lettare omskrevet)».
– Det eg gjer i denne eposten, er å be om ein dialog. Det meinte eg at burde skje lokalt. Eg brukte bevisst ikkje ordet «plagiat», seier Sirnes til På Høyden.
Det same har han sagt fleire gonger tidlegare, mellom anna i eit svar til Kaiser i mars i fjor. Der skriv han at «eg kan ikkje sjå at eg har brukt begrepet ‘plagiat’. Foreløpig har eg verken teke stilling til om, eller eventuelt i kor stor grad, dette begrepet er relevant i denne saka. Derfor har eg brukt ‘gjenbruk’, pluss beskrivelsar av saksforholda gjennom andre ord».
Det er sju døme på tekst det handlar om. Sirnes og ein mellombels tilsett forskar har jobba saman, og deler av teksten har vorte brukt i ein artikkel i ein antologi – utan at Sirnes er verken kreditert eller varsla, meiner førsteamanuensen.
Sendte saka rett til redelighetsutvalget
Det er framleis mars 2014. Kaiser svarar at han er på reise, men etter nokre dagar kjem ein lang e-post. Den er sendt med kopi til både dekanatet ved Det humanistiske fakultetet og redelighetsutvalet, samt til partane i saka. Kaiser skriv mellom anna at «i og med at jeg er aktiv involvert i diskusjoner om forskningsetikk/vitenskapelig redelighet, og sitter i Universitetets redelighetsutvalg, kan jeg selvfølgelig ikke forbigå denne saken i stillhet. Når du nå har bragt det opp på den måten, må den gå videre til høyere nivå, for å skape klarhet i saken. Og det er jeg glad for. Jeg vil ikke ha noen rykter satt ut i verden at det foregår grums i forskningsetikk hos meg og på SVT. Saken sendes derfor videre til Dekanen og Forskningsdekanen ved HF for videre behandling, med kopi til UiBs Redelighetsutvalg».
Der var det i gang. Sirnes fyller ut skjemaet som skal brukast dersom ein har mistanke om vitskapeleg uredelighet, og fører opp tre personar under kolonna for kven som er mistenkt: Kaiser, HF-forskaren og den mellombels tilsette. HF-forskaren fordi ho var medredaktør for boka den mellombels tilsette sin artikkel var på trykk i. Sirnes meiner forskaren skal ha pålagt den mellombels tilsette å fjerna ein fotnote der han var nemnd. Kaiser er klaga inn fordi han var senior i forfattarkollektivet og fordi han i tillegg er leiar for det internasjonale Seat-prosjektet (Substainable Ethical Aquaculture Trade) og slik etter Sirnes si oppfatting burde ha eit særskilt ansvar for dei forskingsetiske vurderingane.
Desse tre sender i tillegg til Sirnes inn kvar sitt notat og dokumentasjon. Det tek si tid, men i juni sender Det humanistiske fakultetet eit brev til redelighetsutvalet. Der skriv dei at sidan Kaiser er senterleiar ved SVT, som er eit tverrfakultært senter, er det naturleg at saka vert handsama på nivået over fakultetet. Fakultetet skriv òg at dei meiner at HF-forskaren si rolle er marginal, og ber om at ho vert skriven ut av saka.
– Har vore konflikter
– Me hadde ein situasjon der Sirnes er tilsett og eg er overordna. Det har vore nokre personalmessige konflikter mellom oss, og no vart eg skulda for å vera hovudansvarleg for gjenbruk – altså plagiat. Eg er heilt usamd, både i mi rolle og i sjølve saka, seier Kaiser.
– Kvifor sendte du saka vidare?
– Fordi eg var part i saka kunne eg ikkje ta det opp, eg ville koma skeivt ut uansett. Den naturlege kommandolinja er då fakultetet. Men i utgangspunktet er dette ei sak mellom overordna og underordna, seier Kaiser.
Han seier at han meiner at det var heilt rett av Sirnes å gi beskjed til leiaren dersom han følte at materialet hans var brukt av andre.
– Dersom det er mistanke om plagiat eller andre forskingsmessige ting som ikkje er i tråd med dei etiske retningslinjene, er dette noko eg tek alvorleg, understrekar Kaiser.
– Korleis har saka påverka arbeidsmiljøet ved SVT?
– Saka har påverka dei involverte partane, men utanom desse har ingen andre vorte påverka.
Vil løysa på lågare nivå
– Kvifor fylte du ut skjemaet, Sirnes?
– Eg såg på saka som formalisert sidan e-posten var sendt til redelighetsutvalet.
Sirnes seier at han vart rasande då han først såg formaliseringa.
– I eit arbeidsmiljø der alt skal skal formaliserast, vert det farleg å uttala seg på grunn av den automatiske konflikteskaleringa. Når det er etikk inne i biletet kan sakene bli særskilt ondskapsfulle.
Resultatet vert fort at folk teier, og at arbeidsmiljøet blir som ein trykkokar, meiner Sirnes.
Inhabilt utval
Kva skjer når saka så kjem til redelighetsutvalet?
– Dei får bakoversveis når dei skjønar at heile utvalet er inhabilt. Dersom dei uttalar seg om noko som helst, vert det feil. Det vart difor bestemt at det skulle setjast ned eit setteutval. Det synest eg er veldig riktig, seier Kaiser.
Det er prorektor som leiar redelighetsutvalet. Anne Lise Fimreite understrekar at ho ikkje kjenner til denne saka, og seier at sidan ho er inhabil, skal ho heller ikkje gjera det.
– Men det er beklageleg at det har teke så lang tid, seier ho.
Fimreite seier at ho generelt meiner at ein del saker absolutt burde vore løyst lenge før dei kom til redelighetsutvalet. Ofte er det slik at delen som handlar om heiderleg eller uheiderleg vitskapeleg framferd berre er ein liten del av noko større.
– Det treng ikkje vera ei personkonflikt, men det kan òg vera ei arbeidskonflikt. Ein kan til dømes vera usamde om arbeidsdeling, illustrerer prorektor.
Ho meiner at ein bør løysa så mange saker som mogleg på institutt- eller senternivå.
– Jo lågare nivå ein kan løysa ei sak på, jo betre er det. Det skjer noko når ei konflikt vert sosialisert og kjem ut i det offentlege rommet. Ein får ein «domstol», til dømes eit utval som redelighetsutvalet, som seier at «du har rett» og «du har feil». Og så skal ein leva saman i det same arbeidsmiljøet etterpå.
Tydeleg konklusjon
Samstundes som HF formelt har sendt saka over til redelighetsutvalet, har dei 151 sidene som HF-forskaren leverte frå seg, på mystisk vis vorte borte.
– Me veit ikkje kva som har skjedd, seier Per Gunnar Hillesøy.
Han er seniorrådgivar og sekretær for utvalet.
– Men me klarte å få tak i nye papir.
Det skjedde i februar i år.
– Kvifor har sakshandsaminga tatt så lang tid?
– Det har teke ein del tid å finna folk til setteutvalet. Me måtte spørja fleire, for nokre av dei me spurde, sa nei.
Då setteutvalet, leia av jussprofessor Hilde Hauge, kom i gang med arbeidet sitt i byrjinga av februar i år, gjekk det fort. 24. mars kom den avsluttande uttalen. På Høyden har vore i kontakt med Hauge, men ho ønskjer ikkje å seia noko meir enn det eit samla utval har sagt i sjølve saka. Der er dei temmeleg tydelege: Det er ingen som har hatt uærleg vitskapeleg framferd, men det er likevel grunnlag for ein viss kritikk mot den mellombels tilsette. Redelighetsutvalet skriv at han kunne nemnt det faglege samarbeidet han hadde med Sirnes, men at det er snakk om å utvisa kollegial romslegheit og ikkje snakk om at det har vore vitskapeleg uredelighet.
Den mellombels tilsette er ikkje lenger knytt til UiB, og ønskjer ikkje å seia så mykje om saka. Men han seier han er glad for at han fullt og heilt vart frikjent for vitskapeleg uærleg framferd, og seier òg at han langt på veg er samd i at Sirnes skulle vore kreditert på ein eller annan måte.
– Dette prøvde eg på, både under arbeidet med artikkelen og etterpå. Men eg vart dregen inn i ei personkonflikt eg eigentleg ikkje hadde noko med, og faktisk ikkje hadde kjennskap til før ho ramma meg personleg.
Dei som får kritikk, er senterleiar Kaiser og Det humanistiske fakultetet. I uttalen frå utvalet heiter det at «Etter Redelighetsutvalgets oppfatning var det lite heldig at Sirnes’ første henvendelse så raskt ble oversendt til fakultetet, uten noe forsøk på å avklare og eventuelt løse konflikten innad på SVT. Oversendelsen ble foretatt av Matthias Kaiser, uten at Sirnes selv ønsket det eller var klar over at det skjedde». Vidare skriv dei at når saka først vart oversendt til fakultetet, var det fakultet sitt ansvar å handtera saka på ein god måte. Det hadde vore naturleg å først kommunisera med partane og eventuelt andre, og prøva å finna ei minneleg løysing. Men saka vart sendt vidare.
«Heller ikke dette var heldig, både fordi det på denne måten ikke ble lagt til rette for en mulig minnelig løsning, og fordi fakta og problemstillinger ikke ble så godt klarlagt som de burde før saken kom til Redelighetsutvalget. (…) Etter Redelighetsutvalgets syn var det derfor dette fakultetet som burde fulgt opp saken i første omgang. Dette kunne for eksempel ha skjedd ved å overlate saken til et etikkutvalg, som om nødvendig kunne vært oppnevnt ad hoc, og som kunne arbeidet med støtte fra fakultetssekretariatet».
Vil ha eige utval
HF-dekan Margareth Hagen tek kritikken frå utvalet til seg.
– Me hadde ikkje eit eige redelighetsutval. Det må me få på plass. Det har mellom anna vore snakka om eit samarbeid med Det samfunnsvitskapelege fakultetet.
– Kvifor sendte de saka vidare?
– Det handla om at me ikkje hadde eit eige utval, og om statusen til SVT som eit tverrfakultært senter. Det var diskutert om me skulle setja ned eit ad hoc-utval som skulle sjå på denne saka, men det fekk me ikkje til. Men slike saker bør handterast på lågast mogleg nivå.
– Nesten komisk
På Sydneshaugen sit ein HF-forskar som er alt anna enn nøgd med sakshandsaminga. Ein kafkaesk prosess, seier ho.
I merknaden ho sendte inn skriv ho at «ein anklage om vitskapeleg urederlighet er den verste anklagen ein kan få som forskar». Ho skriv òg at saka ho har hamna i eigentleg nesten er komisk – hadde det ikkje vore for ressursbruken og stresset ho har følt. «Påstandar om akademisk urederlighet eller akademisk bedrageri kan øydelegga det gode ryktet ein har, uansett om dei er sanne eller ikkje», skriv ho.
Til På Høyden seier forskaren at ho hadde håpa å vorte teken vare på av UiB når ho hamna i ei slik sak.
– Kven skulle gjort det?
– Eg tenkjer at særleg den faglege leiinga ved fakultetet burde tatt meir ansvar og utøvd meir fagleg leiarskap ved å realitetshandsama saka på eit langt tidlegare stadium. Den kritikken er komiteen òg tydeleg på.
Førsteamanuensen seier at noko av problemet er at saka har vore unnteke offentlegheit.
– Eg har hatt lyst til å ropa ut om dette, men fordi saka var unnteken, har eg ikkje gjort det. Eg har berre snakka med eit par nære kollegaer, som òg er personlege venner.
Heller ikkje sjølve sakshandsaminga er ho særleg imponert over, og viser til at dokumentasjonen ho elverte frå seg forsvann.
– Det er visst litt ulike forståingar om når og kor sakspapira forsvann, men berre det faktum at ein som del av sakshandsaminga greier å misse over 150 sider med dokumentasjon av delvis sensitiv art seier vel noko om at det kan vera på sin plass med ein gjennomgang av rutinane i fleire ledd.
Ville hatt lokal løysing
Thorvald Sirnes sit på kontoret sitt i Ida Bloms hus og veit eigentleg ikkje kven av kollegane hans som veit om saka og ikkje. Sjølv har han sagt så lite som mogleg. Han er samd i kritikken som vert retta mot fakultetet.
– Ja, SVT er tverrfakultært, men administrativt høyrer senteret heime under HF. Dette handlar om konflikthandtering, og det hadde vore ein kjempefordel for saka dersom HF hadde gått inn i henne, seier Sirnes.
Han seier at ei heilt lokal løysing utan tvil hadde vore det beste, og at det var det han ønska.
– Dette er ansvarsfråskriving frå fakultetet i ei vanskeleg sak, seier Sirnes.
Han er kritisk til at sette-redelighetsutvalet ikkje har gjort eigne undersøkingar, men berre basert seg på det partane har sendt inn, og meiner at sakshandsaminga har vore dårleg og overfladisk, og at redelighetsutvalet sine resonnement og konklusjonar difor kviler på eit tynt grunnlag.
– Det er eit paradoks at det kjem så lite ut av så lang tidsbruk. Eg meiner at ein òg hadde hatt eit betre empirisk grunnlag dersom fakultetet hadde gått inn i saka. Det kunne ført til at saka vart løyst, men konklusjonen kunne òg vorte at dei ikkje klarte å løysa saka, og difor måtte senda henne vidare. Men det hadde vore betre enn den sakshandsaminga som har vore no.
– Korleis er det å jobba ved SVT no?
– Arbeidsmiljøet får ein skade av ei slik sak, sjølvsagt gjer det det. Det at alle kanonane vert rulla fram med ein gong, gjer òg noko med arbeidsmiljøet, seier Sirnes.
Han legg til:
– Ekstra destruktivt vert det når saka heng i eit år, og så plutseleg dumpar det ned eit brev frå redelighetsutvalet ned i postkassen.